Den europeiske sentralbanken
Koordinatar: Den europeiske sentralbanken (ESB) er ein institusjon innan Den europeiske unionen (EU) som styrer valutapolitikken i eurosona. Sentralbanken blei grunnlagd i 1998. Han har sete i Frankfurt am Main i Tyskland slik det er bestemt i forfatningstraktaten til EU.
ESB har eit samarbeidsprogram med dei nasjonale sentralbanker i EU, kjent som Det europeiske systemet av sentralbankar (ESSB). Hovudmålsetjinga til dette samarbeidet er å verna prisstabilitet innan unionen. Samtidig skal banken bidra til høg sysselsetting og ein økonomisk vekst som ikkje bidreg til auka inflasjon.
Sentralbanksjefen (president) er sidan 1. november 2011 Mario Draghi. Han overtok etter Jean-Claude Trichet som i 2003 etterfølgde den første sentralbanksjefen Wim Duisenberg.
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Den europeiske sentralbank» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2012.