Den første Tsjetsjenia-krigen


Den første Tsjetsjenia-krigen (russisk Пе́рвая чече́нская война́, Pervaja tsjetsjenskaja vojna; tsjetsjensk: Дуьххьара нохчи-оьрсийн тIом, Duuxẋara noxçi-örsii thom; den første tsjetsjensk-russiske krigen), òg kjend som krigen i Tsjetsjenia, var ein konflikt mellom Den russiske føderasjonen og den tsjetsjenske republikken Itsjkeria som vart utkjempa mellom 11. desember 1994 og 31. august 1996.

Tsjetsjeniakrigane

Ein itsjkerisk soldat ved regjeringsbygningen i Groznyj under ein kort pause i kampane i januar 1995.
Dato 11. desember 1994 - 31. august 1996
Stad Tsjetsjenia og delar av Ingusjetia, Dagestan og Stavropol kraj i Russland
Resultat Tsjetsjensk siger. Khasavjurt-avtalen; russisk tilbaketrekking og tsjetsjensk de facto sjølvstende.
Partar
Flagget til Russland Den russiske føderasjonen
Tsjetsjenske lojalistar
Den tsjetsjenske republikken Itsjkeria
Arabiske mujahidin
Ukrainske frivillige fra UNA-UNSO
Kommandantar
Boris Jeltsin
Flagget til Russland Pavel Gratsjev
 Russland Anatolij Kvasjnin
 Russland Konstantin Pulikovskij
 Russland Anatolij Romanov
 Russland Anatolij Sjkirko
Flagget til Russland Vjatsjeslav Tikhomirov
Flagget til Russland Gennadij Trosjev
Flagget til Russland Anatolij Kulikov
Flagget til Russland Viktor Erin
Flagget til Russland Lev Rokhlin
Flagget til Russland Vladimir Sjamanov
Flagget til Russland Ivan Babitsjev
Flagget til Russland Konstantin Pulikovskij
Bislan Gantamirov
Said-Magomed Kakijev
Doku Zavgajev
Dzjokhar Dudajev
Aslan Maskhadov
Akhmed Zakajev
Zelimkhan Jandarbijev
Sjamil Basajev
Ruslan Gelajev
Salman Radujev
Turpal Ali Atgerijev
Hunkar Pasja Israpilov
Vakha Arsanov
Arbi Barajev
Aslambek Abdulzhadzjijev
Apti Batalov
Aslanbek Ismailov
Ruslan Alikhadzjijev
Ruslan Hajhorojev
Ibn al-Khattab
Styrkar
~38.000 i januar 1994
~70.500-95.000 i februar 1995
6000 irregulære (Tsjetsjensk estimat)
Flere frivillige krigere
~15000 soldater (Russisk estimat)
Tap
Soldatar:
Minst 5 732 drepne og såra (russisk estimat) Omtrent 14 000 (Unionen av komiteene for soldatmødre i Russland)
Etnisk russiske sivile:
Minst 161 sivile drepne utanfor Tsjetsjenia
Krigarar:
~3000 (Tsjetsjensk estimat) 15 000 (russisk estimat)
Sivile tsjetsjenarar:
Opptil 150-250 000 (begge krigar)

Itsjkeria freista å lausriva seg frå føderasjonen og erklærde seg i 1991 uavhengig etter Sovjetunionens fall, men vart ikkje anerkjent av det internasjonale samfunnet, og vart truga med invasjon frå den nye russiske staten, som ikkje ville godkjenna tsjetsjenarane sitt sjølvstende.

Etter eit innleiande felttog i 1994 og 1995, som hadde sitt høgdepunkt i det øydeleggjande slaget om Groznyj, freista russiske føderale styrkar å skaffa seg kontroll over dei tsjetsjenske fjellområda, men vart pressa attende av tsjetsjenernes geriljakrig som angreip på lavlandet, til trass for Russlands klåre overlegne bakkestyrkar, våpen og luftstøtte. Dette førte til ein omfattande demoralisering mellom dei føderale styrkane, og dessutan nesten universell motstand mot krigen blant folkesetnaden i Russland, som igjen førte til at president Boris Jeltsin erklærte våpenkvile i 1996 og året etter underteikna ei fredsavtale, Khasavjurt-avtala.

To år etter denne avtala, braut tilhøvet mellom Russland og det tsjetsjenske Itsjkeria saman då ei radikal tsjetsjensk gruppe, den internasjonale muslimske brigaden, leia av Sjamil Basajev og Ibn al-Khattab, invaderte naborepublikken Dagestan sommaren 1999. Dette førte til at Russland igjen invaderte Tsjetsjenia og slik starta Den andre Tsjetsjenia-krigen. Denne enda sjølvstendet til Itsjkeria, som igjen vart Tsjetsjenia under russisk kontroll. Motstanden mot dei føderale styrkane veikna, men eit opprør mot russisk styre pågår framleis i Nord-Kaukasus.

Det offisielle russiske talet på falne føderale soldatar er omtrent 5500, og dei fleste anslag ligg mellom 3500 og 7500, medan enkelte hevdar opp mot 14.000 falne. Det finst ikkje noko noggrant anslag på kor mange itsjkeriske soldatar som vart drepne i krigen, og ulike anslag hevdar både omtrent 3000 og over 15.000 drepne. Ulike estimat hevdar at mengda sivile dødsfall i krigen var mellom 30.000 og 100.000, i tillegg til moglegvis over 200.000 såra, medan meir enn ein halv million vart gjort til flyktningar, som førte til at byar og landsbyar i republikken vart lagt i ruinar.

Eit russisk helikopter skote ned av tsjetsjenske troppar nær hovudstaden Groznyj i desember 1994.
Tsjetsjenske kvinner ber om at dei russiske styrkane ikkje skal rykka fram mot Groznyj i desember 1994.
Ei gruppe tsjetsjenske soldatar, såkalte bojeviki, i Grozyj i januar 1995.

Kjelder endre