Dagestan
Dagestan[a] er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Makhatsjkala, arealet er 50 300 km² og innbyggjartalet 2 977 400 (2010). Dagestan ligg ved kysten av Kaspihavet, og grensar til Aserbajdsjan og Georgia i sør.
Dagestan | |||
Дагестан | |||
republikk | |||
|
|||
Nasjonalsong: Republikken Dagestans hymne | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Kaukasus | ||
Del av | Den nordkaukasiske føderasjonskrets, Det sørlige føderale distrikt | ||
Hovudstad | Makhatsjkala | ||
Areal | 50 300 km² | ||
Folketal | 3 232 224 (2024) | ||
Språk | russisk, agulsk, avarisk, aserbajdsjansk, tsjetsjensk, darginsk, kumykisk, lakisk, lezgisk, rutulsk, tabassaransk, tatisk og tsakhursk.[1][2] | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Dagestan 42°59′02″N 47°30′18″E / 42.983888888889°N 47.505°E | |||
Kart over Dagestan.
| |||
Wikimedia Commons: Dagestan |
Dagestan har dei siste åra vore prega av uro som fylgje av krigen i naborepublikken i vest, Tsjetsjenia. I 1999 vart republikken invadert av opprørsstyrkar frå Tsjetsjenia som freista å oppretta ein islamsk stat i Dagestan. Opprørarane vart drivne ut etter regulære krigshandlingar med russiske styrkar. Dette vart starten på den andre krigen i Tsjetsjenia.
Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 112 terrorhandlingar i Dagestan, og desse førte til 68 dødsfall og minst 195 skadde personar. Fem av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[3]
Folkesetnad
endreDei største byane er Makhatsjkala (572 100 ibuarar), Khasavjurt (131 200), Derbent (119 200) og Kaspijsk (100 100).[4]
Dagestan er den mest etnisk samansette regionen i Russland, og ingen folkegrupper utgjer meir enn 30 % av folket. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:[4]
- Avarar: 29,2 %
- Darginar: 16,9 %
- Kumykar: 14,8 %
- Lezginar: 13,2 %
- Lakar: 5,5 %
- Tabasaranar: 4,1 %
- Aserbajdsjanarar: 4,5 %
- Russarar: 3,6 %
- Tsjetsjenarar: 3,2 %
- Nogaiar: 1,4 %
- Agular: 1,0 %
- Rutular: 1,0 %
- Tsakhurar: 0,3 %
Dei fleste folkegruppene i Dagestan er tradisjonelt muslimar.
I motsetning til i Russland som heilskap går folketalet i Dagestan opp. Det auka med 30 % frå 1989 til 2005. Andelen etniske russarar vart om lag halvert i den same perioden, frå 9,2 % i 1989. I tida mellom folketeljingane i 2002 og 2010 var Dagestan det føderasjonssubjektet i Russland som hadde sterkast folkeauke, med 15,6 %. Samstundes hadde Dagestan lågast levestandard av alle føderasjonssubjekta.
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ Ifølgje paragraf 11 i grunnlova til Dagestan er dei offisielle språka i republikken "russisk og språka til folka i Dagestan" ('Государственными языками Республики Дагестан являются русский язык и языки народов Дагестана.').
- ↑ http://constitution.garant.ru/region/cons_dagest/chapter/1/#100
- ↑ "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011
- ↑ 4,0 4,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010