Akhtuba (russisk Ахтуба) er ei forgreining av Volga i Vologda og Astrakhan oblast i Russland. Akhtuba stikk ut mot venstre ved byen Volzjskij, om lag 15 km nordaust for Volgograd, og renn parallelt med Volga mot Volgadeltaet og Kaspihavet.

Akhtuba
elv
Achtuba.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 537 km
Middelvassføring 153 /s
Munning Kaspihavet

Akhtuba
48°49′0″ N 44°41′17″ E
Wikimedia Commons: Akhtuba River

Den opphavlege starten på Akhtuba vart blokkert av demninga til Volga vasskraftverk. Ho renn no ut frå Volga via en 6,5 km lang kunstig utløpskanal som startar nedanfor demninga. Elva er 537 km lang, med ei middelvassføring på 153 m³/s.

Av byar ved Akhtuba finn ein Volzjskij, Leninsk, Znamensk, Akhtubinsk, Kharabali. Hovudstaden til Den gylne horden, Saraj, låg truleg òg ved Akhtuba, ikkje langt frå Kharabali.

Området mellom Volga og Akhtuba vert kalla Volga-Akhtuba-sletta, og er eit av dei fremste områda i Russland for dyrking av grønsaker. Området er særskild kjend for vassmelonane sine.

KjelderEndra