Det indiske opprøret i 1857
Det indiske opprøret i 1857 var eit blodig og langvarig opprør mot Det britiske austindiakompaniet som braut ut i 1857 i India. Opprøret braut først ut blant indiske soldatar i hæren til austindiakompaniet, men spreidde seg vidare til fleire underlagde rike i sentrale nordlege delar av India. Opprørsmennene hadde planlagt å setje den siste skuggekeisaren, Bahadur Shah Zafar, i spissen for eit indisk fyrsteforbund.
Opprøret hadde bakgrunn i den aukande politiske og økonomiske dominansen til kompaniet, i tillegg til meir nærværande religiøse og kulturelle motsetjingar. Den utløysande årsaka var eit rykte om at patronhylsene til den nye Enfield-rifla, som måtte bitast av, var smurde med feitt frå svin, som var ureine for muslimar, eller kyr, som var ureine for hinduar. Storleiken på opprøret sjokkerte britane, som reagerte med vald både medan og etter at dei hadde slått det ned. Hendinga førte til at den britiske staten tok full kontroll over landet, som formelt blei Britisk India, i staden for austindiakompaniet.
Bakgrunn
endreI den britiske bengalhæren tenestegjorde 140 000 indarar, som vart kalla sepoy, under befal av 26 000 britiske offiserar. Dei hadde kjempa både innom India og mellom anna i Kina og på Krim.
Under det muslimske veldet i India hadde hinduar til ein viss grad kunna avansere i tenesta, men hos britane var det umogleg for ein indar å bli offiser.
Ein stor del av dei indiske soldatane kom frå hindubeltet i noverande Uttar Pradesh. Dette området hadde fått monaleg auka skattar på første halvdel av 1800-talet, auken er rekna til ca 70 %. På grunn av dette hadde mange bønder vorte gjeldstyngde og avhengige av handelsmenn og lånehaiar. Misnøya hadde auka, også i byane, som heller ikkje hadde gått fri for dei britiske plagene. Utanom skattetrykket var det eit problem at mange byfolk vart utkonkurrerte av britiske importvarer.
Det var eit mistak av britane å føre ein politikk som også ramma mellomklassen og jamvel overklassen — no fekk dei misnøgde tilgjenge til mange leiarar. Ein av opprørsleiarane, fyrst Feroz Shah, uttrykte misnøya slik:
- «Européarane har gjennom å innføre engelske varer i India gjort vevarar, skreddarar, snikkarar, tømmermenn, smedar og skomakarar arbeidslause, eller omgjort handverket deira til lite meir enn tigging.»
Opprøret bryt ut og blir slege ned
endreGneisten som tente opprørsflammen kom om natta mellom 10. mai og 11. mai i Meerut, der uroa alt hadde vore stor på grunn av ny ammunisjon sepoyane hadde fått, som ryktet sa var innsmurd med svine- og kufeitt. Sepoyane marsjerte til Delhi, der dei raskt overtalte den då makteslause stormogulen Bahadur Shah til å stille seg i spissen for ein oppreist mot britane.
Opprøret fekk raskt støtte i Uttar Pradesh. Men også lenger sør, mellom marathane, braut det ut opprør. Andre stader var opprøret likevel mindre populært, og britane sende forsterkingar for å slå det ned.
Regjeringsbygg og fengsel var viktige stridssenter under opprøret, til liks med militærbrakker og domstolar. Opprørsgrupper tok kontroll over store delar av India, men andre halvdel av 1857 og første halvåret 1858 tok troppar frå Den britiske hæren og Det britiske austindiakompaniet tilbake dei tapte områda, i det som skulle bli ein av dei vanskelegaste kolonikrigane deira. Opphissa over dei britane som hadde vorte drepne av opprørarane bruka dei britiske styrkane svært harde metodar, og massakrar av heile landsbyar fann stad før opprøret til slutt var slege ned.
Generalguvernør Charles John Canning kunne i juli 1858 erklære opprøret offisielt nedslege.
Namn på opprøret
endreKva ein skal kalla opprøret har vore omstridd sidan det fann stad. Britiske kjelder kalla det mellom anna «The Sepoy Mutiny» ('sepoy-mytteriet'), «The Great Indian Mutiny» ('det store indiske mytteriet') eller «The Mahomedan Rebellion» ('muhammedanar-opprøret'). Slike omgrep blir for snevre fordi opprøret omfatta meir enn berre soldatar som gjorde mytteri. I nyare tid har mange brukt meir nøytrale omgrep som «The Rebellion of 1857» eller «The Uprising».
I indisk terminologi er opprøret omtalt både under det velbrukte omgrepet sepoymytteriet og under meir rosande termar som Den første [indiske] sjølvstendekrigen eller Sjølvstendekrigen i 1857. Dette kan bli for omfattande igjen, ettersom det gjev inntrykk av ei nasjonalkjensle og eit felles mål som opprørarane truleg ikkje hadde.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Sepoyupproret» frå Wikipedia på svensk, den 16. desember 2007.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Indian Rebellion of 1857» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2008.