Den indonesiske gjennomstraumen

Den indonesiske gjennomstraumen er ein havstraum transporterer vatn mellom Stillehavet og Indiahavet gjennom øyane i Indonesia. I nord går straumen gjennom Makassarsundet. Dei indonesiske randhava fungerer som eit basseng og straumen held fram sørover og går ut gjennom Lomboksundet, Ombaisundet og Timorhavet. Retninga til straumen varierer gjennom årdet, men den totale årlege nettotransporten er houvdsakleg sørover frå Stillehavet og inn i Indiahavet.

Eit oversyn over straumretning og -styrke i Den indonesiske gjennomstraumen

Så lenge ein har måledata var det berre i 1998 at ein hadde nettotransport nordover, og dette var truleg ein seineffekt av El Niño.

Straumen transporterer relativt varmt og ferskt vatn til Indiahavet, og vert ført vidare mot Afrika av Sørekvatorialstraumen. Utanfor Afrika går det inn i Agulhasstraumen og inn i Atlanterhavet sør for Sør-Afrika.

Kjelder

endre