Opna hovudmenyen

Sørekvatorialstraumen er ein havstraum i Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet som renn frå aust til vest mellom ekvator og om lag 20 ºS. I Stillehavet og Atlanterhavet strekkjer han seg over ekvator til om lag 5 ºN.

den sørlege halvkula er Sørekvatorialstraumen den vestoverretta delen av særs store subtropiske havvirvlar. Desse virvlane vert drivne av ein kombinasjon av passatvindane i tropane og vestavindsbeltet ved 30 ºS gjennom ein heller komplisert prosess som omfattar forsterking i vestlege grensestraumar.

Ved ekvator vert Sørekvatorialstraumen driven direkte av passatvindane som bles frå aust mot vest.

I Indiahavet er den vestoverretta Sørekvatorialstraumen velutvikla berre sør for ekvator. Direkte over ekvator snur vinden to gonger årleg under monsunane, så overflatestraumen der kan verte både austleg og vestleg.

KjelderEndra