Opna hovudmenyen

Den norske Santalmisjon (DnS) var ein norsk misjonsorganisasjon innanfor Den norske kyrkja. Organisasjonen vart grunnlagd i 1867 i Santhal Parganas i India, der Lars Olsen Skrefsrud og Hans Peter Børresen hadde starta misjonsverksemd i lag med med britiske misjonærar. Santalane er ei indisk folkegruppe.

I 1997 hadde Santalmisjonen 120 aktive misjonærar i verksemd i Aust-Asia (India, Bangladesh, Nepal og Bhutan) og i einskildland andre stader i verda (Mali, Ecuador og Aserbajdsjan). Kyrkja i Santal Parganas vart sjølvstendig i 1950. Santalmisjonen hadde hovudkontor i Oslo. I 2001 tok organisasjonen opp i seg Det norske lutherske indremisjonsselskap — og blei del av Normisjon.

Santalmisjonen eigde Gå Ut Sentret i Hurdal, i tillegg til ei rekkje skular og leirstader.

Organ var tidlegare Santalen, nå Agenda 3:16 (ca 16 000 i opplag/2006).

Ein av misjonens mest kjende medarbeidarar var misjonsprest Olav Hodne.

GeneralsekretærarEndra

BakgrunnsstoffEndra