Den russiske nihilistrørsla

For filosofien nihilisme, sjå nihilisme.

Nihilistrørsla var ei kulturell rørsle i Russland1860-talet som stilte spørsmålsteikn ved alle former for gitte idéar og sosiale normer. Ordet kjem frå latin nihil, som tyder ingenting.

Nihilistisk student måla av Ilja Repin i 1883.

Nihilistane gjekk inn for full og heil fridom for alle individ og sjokkerte det russiske etablissementet. Idéane deira hadde politisk verknad, da dei gjekk imot underordning og kravde demokratiske reformer.

Nihilistane vart fordømde som «agitatorar» og etter drapet på tsar Aleksander II vart dei i Vest-Europa kjende for å bruke vald som reiskap for politisk endring.

Kjelder

endre