Aleksander II av Russland
Aleksander II (17. april 1818–13. mars 1881) var tsar av Russland frå 1855 til 1881.
Aleksander II var fødd i Moskva som son av Nikolai I av Russland og Charlotte, dotter av kong Fredrik Vilhelm III av Preussen. Han var far til Aleksander III av Russland.
I regjeringstida hans vart det satsa på bygging av jernbaner og anna infrastruktur, for å binda saman det store Tsar-Russland. Riket vart òg utvida innover Asia. Den transsibirske jernbanen vart ført heilt fram til Vladivostok. Alaska vart seld i 1867 til USA.
Det vart innført nokre reformer innan landbruket, med oppheving av liveigenskapen. Bøndene kunne såleis reisa og flytta meir fritt, og mange flytta inn til byar for å ta arbeid innan industri. Trass i nokre reformer, auka misnøya mellom fleire grupper, og nokre byrja å arbeida for ein revolusjon. Som symbol på det gamle samfunnet, stod tsaren utsett til. Han vart forsøkt drepen i 1879 og 1880 og vart til slutt teke livet av i St. Petersburg i 1881.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aleksander II av Russland» frå Wikipedia på bokmål, og «Aleksander II av Ryssland» frå Wikipedia på svensk den 7. august 2007.
Bakgrunnsstoff
endreDenne historieartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |