Den spanske marinen
Den spanske marinen (spansk Armada Española) er den maritime delen av det spanske forsvaret og ein av dei eldste aktive marinestyrkane i verda. Armadaen har mellom anna utført bragder i verdshistoria som å oppdage Amerika, utføre den første jordomseglinga og oppdage sjøvegen frå Det fjerne austen til Amerika over Stillehavet (Urdaneta-ruta). I tre hundreår eskorterte den spanske marinen gallionkonvoiane i det omfattande handelsnettverket i Stillehavet frå Asia til Amerika og i Atlanterhavet frå Amerika til Europa. Den spanske marinen av den mektigaste styrken til sjøs i Europa frå tidleg på 1500-talet til midten av 1600-talet, og var ein av dei sterkaste i verda fram til tidleg på 1800-talet.
I 1987 bestod armadaen av 47 300 menneske, inkludert marinesoldatar, av desse om lag 34 000 vernepliktige.[1] I 2002 vart alle greinene av det spanske forsvaret fullstendig omgjort til profesjonelle styrkar.[2]. Dei største basane til den spanske marinen ligg i Rota, Ferrol, San Fernando og Cartagena.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettside (spansk)
- http://www.todoababor.es/ (Spansk marinehistorie)
- Historia til spanske marinefolk
- http://www.revistanaval.com/
- http://www.losbarcosdeeugenio.com/principal_es.html
- El Arma Submarina Española (uoffisiell nettside)
- http://www.fotosdebarcos.com/ Arkivert 2007-05-14 ved Wayback Machine. (Den spanske marinen med bilete av spanske marinefartøy)
- Krigsskip i den spansk borgarkrigen
- BUQUESDEGUERRA.TK, spansk nettside om marinefartøy
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spanish Navy» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: