«Den vilda»
Song av One More Time
Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1996
Sjanger Etnopop, nordisk pop
Lengd 03:07
Selskap Columbia[1]
Låtskrivar(ar) Peter Grönvall, Nanne Grönvall

«Den vilda» er ein svensk etnopopballade frå 1996, komponert av Peter Grönvall og tekst skriven av Nanne Grönvall. Songen vart framført av gruppa One More Time, som bestod av ekteparet Nanne og Peter Grönvall og Maria Rådsten. «Den vilda» vann svenske Melodifestivalen i 1996 og var det svenske bidaget i Eurovision Song Contest 1996 i Oslo, der han enda på tredjeplass.

Bakgrunn endre

«Den vilda» er komponert av ekteparet Nanne og Peter Grönvall, som i 1990-åra utgjorde gruppa One More Time saman med Maria Rådsten. Songen var éin av ti bidrag til den svenske finalen av Melodifestivalen i Stockholm 24. februar 1996. Der vann han tevlinga og vart dimed det svenske bidraget til den internasjonale finalen i Oslo 18. mai same år.[2]

I Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum var «Den vilda» siste bidrag ut på scena av 23 bidrag. Songen var blant favorittane til å vinne, men i likskap med fjoråret, hamna Sverige på tredjeplass med 100 poeng – inkludert 12 poeng frå den irske juryen.[3]

Listeplasseringar endre

«Den vilda» vart gjeven ut på albumet til gruppa, Den vilda, sommaren 1996. Singelen vart sloppen våren same år og nådde sjuandeplass på den svenske singellista. Songen låg også på Svensktoppen i tre veker i mai 1996 med ein femteplass som høgaste plassering.[4]

One More Time spela også inn ein engelskspråkleg versjon, «The Wilderness Mistress», som vart gjeven ut på albumet Living in a Dream i 1997.[5]

One More Time framførte også låten som pausenummer under finalen av Melodifestivalen i 2010.

Liste (1996) Høgaste
plassering
  Sverige (Sverigetopplistan)[6] 7

Referansar endre

  1. «One More Time – Den vilda». discogs.com. Henta 10. juni 2018. 
  2. Sweden, Sveriges Television AB, Stockholm,. «Melodifestivalen 1996». svt.se (på svensk). Henta 10. juni 2018. 
  3. «Sveriges poeng i Eurovision Song Contest 1996». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 12. juni 2018. Henta 10. juni 2018. 
  4. «"Den vilda" av One More Time». NostalgiListan (på svensk). Henta 10. juni 2018. 
  5. «One More Time - Living In A Dream». Discogs (på engelsk). Henta 10. juni 2018. 
  6. Hung, Steffen. «"Den vilda" – Swedish Charts». swedishcharts.com. Henta 10. juni 2018.