Sverige i Eurovision Song Contest

Sverige debuterte i Eurovision Song Contest i 1958 og har delteke 62 gongar. Sverige er eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med sju sigrar, ein andreplass og seks tredjeplassar.[1] Sverige deler dimed rekorden over flest sigrar i Eurovision Song Contest saman med Irland. Fleire svenske bidrag har også blitt store hitar verda over, blant dei «Euphoria» (2012), «Tattoo» (2023) og ikkje minst «Waterloo» av ABBA (1974), som blei kåra til tidenes Eurovision-song i jubileumsshowet Congratulations i 2005.

Sverige


Radiotjänst (1958)
SR (1959–1979)
SVT (1980–i dag)
Uttakingar
Nasjonalt 61
Internt 1
Deltaking
Debutår 1958
Deltakingar 62
Beste resultat
Semifinalen 1 (2011, 2012, 2015 og 2022)
Finalen 1 (1974, 1984, 1991, 1999, 2012, 2015 og 2023)
Verste resultat
Semifinalen 11 (2010)
Finalen Sist (1963 og 1977)
Poeng

Sverige er trulig også det landet der Eurovision Song Contest står sterkast, og svenskane sin nasjonale finale, Melodifestivalen, har vore ei inspirasjonskjelde for fleire andre land, blant anna Noreg.[2] Sverige har komme sist to gongar, i 1963 og 1977. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Sverige berre missa finalen ein gong, i 2010 med Anna Bergendahl og «This Is My Life».

Historikk

endre
 
Alice Babs var den fyrste artisten som representerte Sverige i Eurovision Song Contest.

Det er den svenske ålmennkringkastaren SVT som sender Eurovision Song Contest i Sverige, og som har ansvaret for å velje bidraget som skal representere landet i Eurovision Song Contest. Sverige debuterte på ein fjerdeplass med «Lilla stjärna» i 1958, og året etter etablerte SVT ein nasjonal finale for å velje song og artist som skal representere landet i tevlinga. Den nasjonale finalen fekk etter kvart namnet Melodifestivalen og har lenge vore eit av dei mest populære tv-programma på svensk tv.[3]

Melodifestivalen

endre

Det er få nasjonar som tek Eurovision Song Contest like alvorleg som svenskane, noko som blant anna kjem til uttrykk i den svenske tevlinga. Meir enn 3000 songar blir sende inn til Melodifestivalen kvart år, og kjende artistar og låtskrivarar i landet nærmast knivar om å få delta i tevlinga. Melodifestivalen går dessutan over seks veker kvar vinter, og opptil ein tredel av landet ser finalen.[4][5]

Melodifestivalen blir også følgd med stor interesse av Eurovision-tilhengjarar verda over, og kvart år reiser hundrevis av fans til Stockholm for å få med seg den svenske finalen.[6] Den svenske tevlinga har også vore inspirasjonskjelde for andre land og kringkastarar, blant dei Noreg og NRK, som i 2006 innførte delfinalar i Melodi Grand Prix etter mønster frå Sverige. I Eurovision Song Contest 2016 gjorde også Den europeiske kringkastingsunionen om på den tradisjonsrike avrøystinga. Endringa var inspirert av Melodifestivalen og blei gjort for å halde på spenninga til siste slutt.[7][8][9]

Eurovision Song Contest

endre

Etter debuten i 1958 og til uti i 1970-åra hadde Sverige varierande suksess i Eurovision Song Contest. Sverige fekk ein andreplass i 1966, godt hjelpt av dei nordiske naboane sine, som gav landet 15 av til saman 16 poeng. Ein femteplass kom i 1969, og ein ny femteplass følgde i 1973. Året etter kom det verkelege gjennombrotet til Sverige i tevlinga, då popgruppa ABBA vann med «Waterloo». Sigeren bana veg for en solid internasjonal karriere for gruppa.[10]

 
ABBA vann Eurovision Song Contest i 1974.

Etter sigeren i 1974 hadde Sverige liten suksess fram til Carola song landet inn til ein tredjeplass i 1983 med «Främling». Året etter sikra gruppa Herreys den andre sigeren til Sverige med «Diggi-loo diggi-ley», og fleire gode resultat følgde i åra etter. Carola var tilbake i 1991 og vann ein knapp siger med «Fångad av en stormvind» i Roma. Den fjerde sigeren til Sverige kom med Charlotte Perrelli og «Take Me to Your Heaven» i 1999.

Etter tusenårsskiftet har Sverige overtatt som det mest suksessrike i tevlinga, med heile 13 topp fem-plasseringar – inkludert tre sigrar. Landet hadde ein liten nedgangsperiode frå 2007, og i 2010 kvalifiserte ikkje Sverige seg til finalen, for fyrste og førebels einaste gong. Men Sverige kom sterkt tilbake med ein tredjeplass i 2011. Sidan då opplevde landet ein gullalder utan sidestykke – med tre sigrar, to tredjeplassar, ein fjerdeplass og tre femteplassar.[1] I tillegg var Sverige i topp tre i sin semifinale kvart einaste år i perioden 2011–2019. I 2021 enda landa på 14. plass, det dårlegaste resultatet på åtte år.

Forholdet mellom Sverige og Noreg i Eurovision Song Contest

endre
 
Carola er ein av fleire svenske Eurovision-artistar som har blitt populære i Noreg.

Den svenske deltakinga i Eurovision Song Contest har stort sett alltid blitt følgd med argusauge i Noreg, og mange av dei svenske deltakerlåtane har også blitt populære i Noreg. I tillegg har svenske deltakarar som Lill-Babs, Lill Lindfors, Carola og Tommy Körberg blitt kjende og populære artistar i nabolandet. Landa «utveksler» dessutan artistar, blant anna har Lill-Babs og Elisabeth Andreassen delteke i Melodi Grand Prix, mens norske Maria Mittet, Tone Damli og Marcus & Martinus har delteke i Melodifestivalen.[11][12][13][14][15]

Årlig pressekrangel

endre

Som i langrennssporet har Sverige og Noreg tradisjonelt hatt eit elsk-hat-forhold i Eurovision Song Contest, og det har nærmast blitt ein årviss tradisjon at pressa i begge land hausser opp stemninga i forkant av tevlinga.[16][17] I 2003 skreiv for eksempel svenske Aftonbladet at den norske deltakaren, Jostein Hasselgård, song «som en ustemt sykkelpumpe», mens Charlotte Perrelli i 2008 rasa mot norsk presse etter at Anders Grønneberg hadde karakterisert ho som ei pornostjerne og transvestitt.[18][19]

Mangeårige kommentator i NRK, Jostein Pedersen, hadde som regel eit mål for Noreg, og det var å slå Sverige. I 1997 hissa han på seg svenskane då han meinte den svenske gruppa Blond korkje kunne syngje eller danse.[20] Men det toppa seg i 2003 då Pedersen på direkten sa at den svenske duoen Fame hadde «mindre utstråling enn bokhyllen Ivar fra IKEA». Kommentaren enda med at EBU foretok ei gransking av kommentaren til Pedersen, utan at det blei nokre konsekvensar i ettertid.[21][22][23]

Gode poeng-venar

endre

Mens pressa krangler, er sjåarane i begge land langt bedre venar. Særleg kjem det gode naboskapet til syne på poengfronta. Per 2023 har Sverige for eksempel mottatt 417 poeng frå Noreg, meir enn noko anna land. Sverige er også det landet som har gitt mest poeng til Noreg, med 267 poeng. Men det har ikkje gått automatikk i å dele ut høge poeng til kvarandre. Då Noreg vann med «Nocturne» i 1995, gav for eksempel ikkje den svenske jurygruppa eit einaste poeng til den norske vinnarlåten.[24] Den norske jurygruppa gav Carola «berre» åtte poeng då ho vann i 1991, og i 2016 oversåg den norske jurygryppa svenske «If I Were Sorry» fullstendig, noko som blei møtt med vantro i Sverige.[25] Året etter gav heller ikkje den svenske jurygruppa poeng til det norske bidraget «Grab the Moment».

Deltakarar

endre

Under er ei liste over deltakarar, plasseringar og poenga for Sverige i tevlinga sidan debuten i 1958.[1]██ Vinnar ██ Andreplass ██ Tredjeplass ██ Sisteplass

År Artist Tittel Språk Finale Semifinale
Plass Poeng Plass Poeng
  1958 Alice Babs «Lilla stjärna» Svensk 4 10 Ingen semifinalar
  1959 Brita Borg «Augustin» Svensk 9 4
  1960 Siw Malmkvist «Alla andra får varann» Svensk 10 4
  1961 Lill-Babs «April, april» Svensk 14 2
  1962 Inger Berggren «Sol och vår» Svensk 7 4
  1963 Monica Zetterlund «En gång i Stockholm» Svensk 13 0
  1964 Deltok ikkje
  1965 Ingvar Wixell «Absent Friend» Engelsk 10 6
  1966 Lill Lindfors og Svante Thuresson «Nygammal vals» Svensk 2 16
  1967 Östen Warnerbring «Som en dröm» Svensk 8 7
  1968 Claes-Göran Hederström «Det börjar verka kärlek, banne mej» Svensk 5 15
  1969 Tommy Körberg «Judy, min vän» Svensk 9 8
  1970 Deltok ikkje
  1971 Family Four «Vita vidder» Svensk 6 85
  1972 Family Four «Härliga sommardag» Svensk 13 75
  1973 Nova «You're Summer» Engelsk 5 94
  1974 ABBA «Waterloo» Engelsk 1 24
  1975 Lars Berghagen og The Dolls «Jennie, Jennie» Engelsk 8 72
  1976 Deltok ikkje
  1977 Forbes «Beatles» Svensk 18 2
  1978 Björn Skifs «Det blir alltid värre framåt natten» Svensk 14 26
  1979 Ted Gärdestad «Satellit» Svensk 17 8
  1980 Tomas Ledin «Just nu!» Svensk 10 47
  1981 Björn Skifs «Fångad i en dröm» Svensk 10 50
  1982 Chips «Dag efter dag» Svensk 8 67
  1983 Carola «Främling» Svensk 3 126
  1984 Herreys «Diggi-loo diggi-ley» Svensk 1 45
  1985 Kikki Danielsson «Bra vibrationer» Svensk 3 103
  1986 Monica Törnell og Lasse Holm «E' de' det här du kallar kärlek» Svensk 5 78
  1987 Lotta Engberg «Boogaloo» Svensk 12 50
  1988 Tommy Körberg «Stad i ljus» Svensk 12 52
  1989 Tommy Nilsson «En dag» Svensk 4 110
  1990 Edin-Ådahl «Som en vind» Svensk 16 24
  1991 Carola «Fångad av en stormvind» Svensk 1 146
  1992 Christer Björkman «I morgon är en annan dag» Svensk 22 9
  1993 Arvingarna «Eloise» Svensk 7 89 Direktekvalifisert
  1994 Marie Bergman og Roger Pontare «Stjärnorna» Svensk 13 48 Ingen semifinalar
  1995 Jan Johansen «Se på mig» Svensk 3 100
  1996 One More Time «Den vilda» Svensk 3 100 1 227
  1997 Blond «Bara hon älskar mig» Svensk 14 36 Ingen semifinalar
  1998 Jill Johnson «Kärleken är» Svensk 10 53
  1999 Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» Engelsk 1 163
  2000 Roger Pontare «When Spirits Are Calling My Name» Engelsk 7 88
  2001 Friends «Listen to Your Heartbeat» Engelsk 5 100
  2002 Afro-Dite «Never Let It Go» Engelsk 8 72
  2003 Fame «Give Me Your Love» Engelsk 5 107
  2004 Lena Philipsson «It Hurts» Engelsk 5 170 Direktekvalifisert
  2005 Martin Stenmarck «Las Vegas» Engelsk 19 30
  2006 Carola «Invincible» Engelsk 5 170 4 214
  2007 The Ark «The Worrying Kind» Engelsk 18 51 Direktekvalifisert
  2008 Charlotte Perrelli «Hero» Engelsk 18 47 12 54
  2009 Malena Ernman «La voix» Engelsk og fransk 21 33 4 105
  2010 Anna Bergendahl «This Is My Life» Engelsk Ikkje kvalifisert 11 62
  2011 Eric Saade «Popular» Engelsk 3 185 1 155
  2012 Loreen «Euphoria» Engelsk 1 372 1 181
  2013 Robin Stjernberg «You» Engelsk 14 62 Direktekvalifisert
  2014 Sanna Nielsen «Undo» Engelsk 3 218 2 131
  2015 Måns Zelmerlöw «Heroes» Engelsk 1 365 1 217
  2016 Frans «If I Were Sorry» Engelsk 5 261 Direktekvalifisert
  2017 Robin Bengtsson «I Can't Go On» Engelsk 5 344 3 227
  2018 Benjamin Ingrosso «Dance You Off» Engelsk 7 274 2 254
  2019 John Lundvik «Too Late for Love» Engelsk 5 334 3 238
  2020 The Mamas «Move» Engelsk Tevling avlyst
  2021 Tusse «Voices» Engelsk 14 109 7 142
  2022 Cornelia Jakobs «Hold Me Closer» Engelsk 4 438 1 396
  2023 Loreen «Tattoo» Engelsk 1 583 2 135
  2024 Marcus & Martinus «Unforgettable» Engelsk 9 174 Direktekvalifisert

I 2008 kom Sverige på tolvteplass i sin semifinale, men avanserte likevel til finalen. Bakgrunnen var at tv-sjåarane røysta fram ni bidrag til finalen, mens juryane valde det tiande. Det svenske bidraget var juryen sitt val og sikra seg dimed ein finaleplass.

Røystehistorikk

endre

Sverige har gjeve flest poeng til[26]
# Land Poeng
01   Noreg 267
02   Irland 227
03   Danmark 214
04   Storbritannia 186
05   Finland 172

Sverige har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Noreg 417
02   Danmark 398
03   Finland 323
04   Island 267
05   Storbritannia 257

Galleri

endre

Eurovision Song Contest i Sverige

endre
År Stad Arena Programleiar(ar)
1975   Stockholm Sankt Eriks-Mässan Karin Falck
1985   Göteborg Scandinavium Lill Lindfors
1992   Malmö Malmö Isstadion Lydia Cappolicchio og Harald Treutiger
2000   Stockholm Globen Kattis Ahlström og Anders Lundin
2013   Malmö Malmö Arena Petra Mede
2016   Stockholm Globen Petra Mede og Måns Zelmerlöw
2024   Malmö Malmö Arena

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Sweden – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  2. Stina Backer (25. mai 2012). «Melodifestivalen: Sweden's not-so-guilty Eurovision pleasure». cnn.com. Henta 10. desember 2016. 
  3. Saga Palmér (15. januar 2016). «Melodifestivalen störst i rutan under 2015». svt.se. Arkivert frå originalen 22. februar 2016. Henta 10. desember 2016. 
  4. «Melodifestivalen – Sweden’s own Eurovision!». Story Tours. 30. januar 2016. Henta 11. desember 2016. 
  5. Paul Jordan (26. november 2016). «Björkman: “Eurovision is the mothership" of Melodifestivalen». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  6. Rosney, Daniel (7. mars 2020). «Why Sweden's big TV songfest attracts global fans». BBC News (på engelsk). Henta 7. mars 2020. 
  7. Jan Henrik Mo (13. januar 2006). «– Har stor tro på semifinaler». nrk.no. Henta 11. desember 2016. 
  8. Benny Royston (7. mars 2015). «What can the UK learn from Sweden when it comes to picking a Eurovision winner?». Metro.co.uk. Henta 11. desember 2016. 
  9. Paul Jordan (18. februar 2016). «Biggest change to Eurovision Song Contest voting since 1975». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. juni 2023. 
  10. Fraser Nelson (5. april 2014). «We're still thanking Abba for the music, 40 years after Eurovision». The Telegraph. Henta 11. desember 2016. 
  11. Eirik Sivertsen (9. desember 2008). «Maria i Melodifestivalen!». NRK. Henta 22. desember 2023. 
  12. Arve Henriksen (9. februar 2013). «Damli får ny sjanse hos svenskene». Aftenposten. Henta 1. juni 2023. 
  13. Vedeler, Linda Marie (11. mars 2023). «Marcus og Martinus kom på andreplass i Melodifestivalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 1. juni 2023. 
  14. «The 30 artists competing in Sweden's Melodifestivalen 2024». Eurovision.tv. European Broadcasting Union (EBU). 1. desember 2023. Henta 1. desember 2023. 
  15. Thomas Talseth, Ole Løkkevik (1. desember 2023). «Marcus & Martinus bekreftet til Melodifestivalen for andre gang: − Favoritter». VG. Henta 22. desember 2023. 
  16. Steen, Skogrand og Ringheim, Thea, Merete og Trude (10. mai 2014). ««Noe av det verste jeg noen gang har vært tvunget til å høre på»». Dagbladet.no. 
  17. Guro Havro Bjørnstad, Gabrielle Solaké Sanneh Graatrud og Pål Nordseth (21. mai 2015). «– Norges vinnersjanser er noe sånt som null». dagbladet.no. Henta 11. desember 2016. 
  18. Guro Hoftun Gjestad og Ingar Johnsrud (23. mai 2003). «– Jostein låter som en ustemt sykkelpumpe». VG Nett. Henta 11. desember 2016. 
  19. Catherine Gonsholt Ighanian (22. mai 2008). «Charlotte sliter med GP-kjolen – og fortviler over norsk presse». VG Nett. Henta 11. desember 2016. 
  20. Bakkemoen, Kurt (15. mai 2009). «GP-Josteins beste MGP-gullkorn». VG Nett. 
  21. Stian Fjelldal (26. mai 2003). «Refses etter svenskehets». nrk.no. Henta 10. desember 2016. 
  22. Winterkjær, Ståle (26. mai 2003). «Svenskene raser mot NRK-Jostein». VG Nett. 
  23. Lillian Bikset (27. mai 2003). «– Skjerp dere, Sverige!». Dagbladet. Henta 11. desember 2016. 
  24. Arve Henriksen (9. mai 2017). «Vi elsker svenskene, men de elsker ikke oss tilbake». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 6. juni 2021. 
  25. Bakkejord, Miriam (15. mai 2016). «Svensker i harnisk etter null poeng fra Norge: – Veldig uventet». Dagbladet.no. Arkivert frå originalen 21. juni 2018. 
  26. «Eurovision Song Contest Database». eschome.net. ESC Database. mai 2023. Henta 1. juni 2023.  Gå til seksjonen «Voting», og nest siste linje: «Total number of...» Vel «all final points», vel «Sweden» og deretter ønskt tidsperiode. Trykk deretter på pilen for å få opp liste over poenga.

Bakgrunnsstoff

endre