Denis Sergejevitsj Spitsov (fødd 16. august 1996) er ein russisk langrennar frå Vozjega i Vologda oblast. Han vann to stafettsølv og ein individuell bronse under dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang.

Denis Spitsov


Statsborgarskap Russland
Fødd 16. august 1996 (27 år)
Vozjega
Idrett langrenn
Utmerkingar

Venskapsordenen, æra meister av idrett i Russland, Æresordenen

Aktiv endre

Spitsov har delteke i verdscupen i langrenn sidan desember 2017. Under renna i Davos kom han då på sjuandeplassen i 15 km fristil. Den 7. januar 2018 fekk han sin fyrste pallplassering i verdscupen, etter som han hadde tredje beste tid på den avsluttande motbakke-etappen i Tour de Ski 2018.

Spitsov markerte seg særleg under Vinter-OL 2018. På tremila vart han nummer fire, slått av dei tre norske utøvarane Simen Krüger, Martin Sundby og Hans Christer Holund. Fem dagar seinare, den 16. februar, gjekk Spitsov inn til bronse på 15 km fristil, ei tevling sveitsaren Dario Cologna vann, med nemnde Krüger få sekund føre Spitsov, og med Sundby på plassen etter. Både den 18. og 21. februar vann Spitsov OL-sølv. Fyrst gjekk han i par med Aleksandr Bolsjunov i sprintstafetten, medan han som ankermann i 4 x 10 km stafett måtte gje tapt for norske Johannes Klæbo i kampen om å vinne OL-gullet.

Vinteren 2019 makta ikkje Spitsov å prestere på same nivå som i OL-sesongen. Han oppnådde likevel å stå på toppen av sigerspallen i verdscupen for fyrste gong, med di han og Russland vann 4 x7,5 km stafett i Ulricehamn i Sverige.

Kjelder endre