Hans Christer Holund

Hans Christer Holund (fødd 25. februar 1989) er ein norsk langrennsløpar som vart verdsmeister på femmila under Ski-VM 2019 i Seefeld, eitt år etter han vann bronsemedaljen på tremila under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Han er medlem av Ski- og fotballklubben Lyn i Oslo.

Hans Christer Holund


Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1989 (35 år)
Oslo
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2017, Ski-VM 2021, Ski-VM 2023

Karriere endre

Holund vart juniorverdsmeister på 10 km i 2008. I 2013 delte han tredjeplassen i 50 km fellesstart med Øystein Pettersen under noregsmeisterskapen på Løten. Vinteren 2015 tok han i januar NM-sølv i 15 km fristil på Røros, 17 sekundar bakom gullmedaljør Anders Gløersen. Vel to månader seinare sikra han seg NM-bronsen på 50 km fellesstart i Harstad, slått av noregsmeister Eirik Brandsdal og Didrik Tønseth.

Holund fekk sitt internasjonale gjennombrot på ei tremil i Lahti den 21. februar 2016, der han vart nummer tre av dei fem norske utøvarane som toppa resultatlista med Martin Sundby øvst. Eitt år seinare, den 19. februar 2017, vart han atter nummer tre i eit verdscuprenn, 15 km fristil. Han deltok på femmila då Ski-VM 2017 fann stad i Lahti og enda som tiandemann.

I byrjinga av neste sesong, den 6. desember 2017, tok Holund på Lillehammer sin tredje tredjeplass i verdscupen i ei tevling over 30 km. To månader seinare vann han bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang, bak landsmennene Simen Krüger og Martin Sundby.

Både i 2016 og 2017 var Holund med å vinne NM-stafetten over 3 x 10 km for Lyn, begge åra saman med Simen Krüger.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre