Dennis Wise

britisk fotballspelar

Dennis Frank Wise (fødd 16. desember 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han spelte jamnast i ei sentral midtbanerolle, særleg kjent for sin intense og aggressive stil. Wise var Chelsea-spelar frå 1990 til 2001, bidrog til at klubben sikra seg pokalar i både FA-cupen, den engelske ligacupen og UEFA-cupvinnarcupen.

Dennis Wise


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. desember 1966 (57 år)
London
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 2000

Karriere endre

Klubbspel endre

Wise spelte frå 1985 etter tur for Wimbledon FC, Chelsea FC, Leicester City, Millwall FC, Southampton FC og Coventry City. I 1986 var han med på å føre Wimbledon frå 2. til 1. divisjon, to år seinare lukkast laget slå storfavoritt Liverpool FC med 1–0 i FA-cupfinalen 1988. Gjennom elleve år var så Wise midtbane-motoren på eit Chelsea-lag som etterkvart hevda seg i toppen av engelsk og europeisk fotball. Perioden 1997-2000 vann klubben fire pokalar, alle med Wise som kaptein.

I 2002 fekk Wise stilling som spelande trenar i Millwall FC. To år seinare leia han laget til FA-cupfinalen i 2004, ein kamp der laget hans vart eit nummer for lite mot Manchester United. Wise la fotballskorne på hylla i 2006, 39 år gammal.

Landslagsspel endre

Wise deltok frå mai 1991 til oktober 2000 i 21 landskampar for England. I debuten mot Tyrkia i Izmir skåra han , men aldri sidan. Under EM i fotball 2000 spelte han alle tre gruppekampane.

Merittar endre

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1998 for Chelsea FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1988 for Wimbledon FC, 1997 og 2000 for Chelsea FC
  • Vinnar av ligacupen: 1998 for Chelsea FC

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dennis Wise