Denny Island er ei lita berglendt øy på 0,24 hektar ved munningen til River Severn. Stranda på sørsida er ein del av grensa mellom Wales og England. Ved flo sjø ligg øya heilt innanfor Monmouthshire i Sør-Wales. Øya er òg den nordvestlege grensa for Severn-estuaret, som høyrer til byen Bristol.[1]

Denny Island
Geografi
Stad Severn-estuaret
Koordinatar 51°31′33″N 2°46′51″W / 51.52578°N 2.78091°W / 51.52578; -2.78091

Areal 0,24 hektar km²

Administrasjon
Land Wales
Grevskap Monmouthshire

Øya ligg om lag 5 km nord for Portishead, midt mellom Redwick i Wales og Avonmouth i England. Ho er omgjeve av sandbankane Welsh Grounds. Tidvasskilnaden i området her er av dei største i verda og varierer 13,7 meter på det meste om våren. Øya er hekkestad for måse, skarv og anna sjøfugl.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Bristol City Council - Beating Bristol's water boundary, arkivert frå originalen 12. oktober 2007, henta 25. januar 2010