Dents du Midi
Dents du Midi (fransk: "Tennene i sør") er eit fjell i Chablais-Alpane i kantonen Valais i Sveits. Fjellet består av sju ulike toppar, den høgste er 3 257 m. Det reiser seg veldig over Val-d’Illiez og Rhônedalen, på sørsida ligg det oppdemde vatnet Lac de Salanfe. Geologisk høyrer fjellet til Haut-Giffre-massivet.
Dents du Midi | |||
fjell | |||
Dents du Midi sett frå Pointe Bellevue. frå venstre til høgre: La Cime de l'Est, La Forteresse, La Cathédrale, l'Éperon, Dent Jaune, Les Doigts og det hgøaste punktet: La Haute Cime
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Valais | ||
Fjellkjede | Chablais-Alpane | ||
Høgd | 3 257 moh. | ||
Primærfaktor | 1 796 m ↓ mot Mont Blanc | ||
Koordinatar | 46°09′39.6″N 6°55′24.3″E / 46.161000°N 6.923417°E | ||
Førstestiging | Jean-Maurice Clément | ||
- dato | 1784 | ||
Dents du Midi 46°09′40″N 6°55′24″E / 46.161°N 6.9234166666667°E | |||
Kart som viser Dents du Midi.
| |||
Wikimedia Commons: Dents du Midi |
Fjelltoppane
endreDents, eller «tennene», er frå aust mot vest:
- La Cime de l'Est (3178 m)
- La Forteresse (3164 m)
- La Cathédrale (3160 m)
- L'Éperon (3114 m)
- Dent Jaune (3186 m)
- Les Doigts (3205 m og 3210 m) eller Doigts de Salanfe
- La Haute Cime (3257 m)
Steinras
endreMorgonen 30. oktober 2006 losna i kring 1 000 000 m³ fjell frå sida av Haute Cime og rausa ned til ei høgde av kring 3000 m. Raset var ikkje til fare for landsbyen Val-d'Illiez, men vegar og stiar vart stengde. Geologar forklarte raset med tining etter frostsprenging, forsterka av dei heite, forutgåande somrane.
L’Éperon
endreFleire fjellras i massivet har endra forma på fjelltoppane så mykje at namna gjev seg sjølve etter endringane i den lokale geologien. L’Éperon (=Brodden), til dømes, har ikkje to toppar lengre, sidan eit større ras i mellomalderen forandra forma på fjelltoppen.
Fyrsteklatringar
endreNamn på fjelltopp | Dato for fyrstebestiging | Klatrar(ar) |
---|---|---|
Cime de l'Est | 16. august 1842 | Nicolaz Delez |
Forteresse | 7. juni 1870 | E. Javelle og J. Oberhauser |
La Cathédrale | 1890 | Nicolas Delez |
La Dent Jaune | 24. august 1879 | |
La Haute Cime | 1784 | Jean-Maurice Clément |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dents du Midi» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2009.