Derbent (russisk Дербе́нт, azerisk Dərbənd, lezgisk Дербент, avarisk Дербенд, persisk دربند, Darband) er ein by i Republikken Dagestan i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved kysten av Kaspihavet, rundt 120 km søraust for Makhatsjkala.

Derbent
Дербент
Horisonten til Derbent
Horisonten til Derbent
Byåpenet til Derbent
Byvåpenet til Derbent


Plassering
Derbent is located in Russland
Derbent is located in Dagestan
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Dagestan
Bystatus 1840
Borgarmeister Feliks Kasiakhmedov
Geografi
Flatevidd
 - By

70 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

107 700
  1 538,6 /km²
Koordinatar 42°04′00″N 48°18′00″E / 42.06667°N 48.30000°E / 42.06667; 48.30000
Høgd over havet -28 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 36860x
Retningsnummer (tlf) (+7)87271
Nettstad: www.derbent.ru
Festninga i Derbent

Derbent er den sørlegaste byen i Russland og den nest største byen i Dagestan. Den største etniske gruppa er azeriar, følgt av lezginar og tabasaranare. Bynamnet er avleidd av det persiske Darband («lukka port»).

I år 728 invaderte arabarane byen og dei gjorde byen til eit sentrum for kunst og handel. Mongolane erobra byen i 1220. Byen har etter dette høyrt til både persarar og tyrkarar. I 1806 vart byen ein del av Russland.

Dei gamle festningsverka ved byen vart i 2003 innskrive på verdsarvlista til UNESCO.

Kjelder endre