Opna hovudmenyen

Desna (russisk og ukrainsk Десна) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Dnepr frå venstre, den lengste sideelva hennar. Desna har ei lengd på 1187 km og 535 km av ho kan nyttast til skipsfart. Nedslagsfeltet hennar er 88 900 km².

Desna
Десна, Desna
elv
Desna River in Chernihiv.jpg
Desna renn gjennom Tsjernihiv i Ukraina.
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Ukraine.svg Ukraina
Tilløp
 - venstre Seim
 - høgre Sudost
Nedslagsfelt 88 900 km²
Byar Brjansk
Lengd 1 130 km
Middelvassføring 360 /s
Kjelde
 - stad Smolenskhøgdene, Russland
Munning Desnadeltaet
 - koordinatar 50°33′0″N 30°32′0″E
Vassdraga til Dnepr og Desna
Vassdraga til Dnepr og Desna
Wikimedia Commons: Desna

Desna spring ut frå Smolenskhøgdene i nærleiken av Jelnja. Elva renn gjennom Smolensk og Brjansk oblast i Russland og Tsjernigov og Kiev oblast i Ukraina. Elvebreidda i den øvste delen av elva er myrlendt, men i Brjansk vert breiddene høgare. Elva er isdekt frå desember til tidleg i april. Middelvassføringa hennar ved munningen er 360 m³/s.

Desna munnuar ut i Dnepr nord i Kiev.

Sidan antikken har Desna vore ei viktig transportåre mellom Kiev og nedslagsfeltet til Don (via Sejm) og Oka (via Bolva)

I Smolensk oblast ligg Desnogroskoje-reservoaret, som vart bygd får å gje vatn til Smolensk atomkraftverk i Desnogorske.

SideelvarEndra

 
Desna i Jelnja

Frå høgre:

Frå venstre:

Byar og landsbyar ved DesnaEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra


Dnepr
 
Sideelvar: Drut (H) • Berezina (H) • Sozj (V) • Pripjat (H) • Teteriv (H) • Irpin (H) • Desna (V) • Stuhna (H) • Trubizj (V) • Ros (H) • Tjasmyn (H) • Supij (V) • Sula (V) • Psyol (V) • Vorskla (V) • Samara (V) • Konka (LV) • Bilozerka (V) • Bazavluk (H) • Inhulets (H)
Reservoar: DneprDniprodzerzjynskKakhovkaKanivKievKrementsjuk