Sjostka (ukrainsk og russisk Шостка) er ein by i Sumy oblast nordaust i Ukraina. Byen har kring 85 000 innbyggjarar (2004). Han ligg ved elva Sjostka, ei sideelv til Desna, som han har fått namnet sitt frå. Sjostka er eit industrisenter for kjemiakaliar og mjøleprodukt.

Sjostka
Шостка
by
våpen
Land  Ukraina
oblast Sumy oblast
rajon Sjostkynskyj rajon
Høgd 171 moh.
Koordinatar 51°52′N 33°29′E / 51.867°N 33.483°E / 51.867; 33.483
Areal 36 km²
Folketal 85 800  (2004)
Folketettleik 2 383 / km²
Grunnlagd 1700-talet
Kart
Sjostka
51°51′57″N 33°28′36″E / 51.8657°N 33.4766°E / 51.8657; 33.4766
Kart som viser Sjostka.
Kart som viser Sjostka.
Kart som viser Sjostka.
Wikimedia Commons: Shostka
Nettstad: http://allshostka.net.ua/

Historie

endre

Sjostka vart grunnlagd som ein landsby på byrjinga av 1600-talet for ukrainske kosakkar. I 1739 vart det grunnlagde ein krutfabrikk her. Sidan den gong var Sjotska ein av dei viktigaste leverandørane av krut til Det russiske imperiet. I 1893 vart byen knytt til jernbanenettverket. Sjostka fekk byrettar i 1920. I 1931 vart det bygd ein filmfabrikk i Sjostka, som var ein av dei viktigaste leverandørane av film i Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff

endre