Tsjernihiv oblast

(Omdirigert frå Tsjernigov oblast)

Tsjernihiv oblast (ukrainsk Чернігівська область Tsjernihivska oblast ) er ei politisk eining på provinsnivå (oblast) i det nordlege Ukraina. Hovudstaden i provinsen er byen Tsjernihiv.

Tsjernihiv oblast
Чернігівська область
oblast
Flagg
Symbol
Kallenamn: Чернігівщина (Tsjernihivsjtsjyna)
Land  Ukraina
By Tsjernihiv, Nizjyn, Prylukyj
Rajon 22
Byrajon 3
Byar 78
Landsbyar 1494
Hovudstad Tsjernihiv
Areal 31 865 km²
Folketal 959 315 (1. januar 2022)[1]
Grunnlagd 15. oktober 1932
Språk ukrainsk
ISO 3166-2 kode UA-74
Postnummer 14–17xxx
Retningsnummer +380 46
Bilnummer СВ
Kart
Tsjernihiv oblast
51°20′N 32°04′E / 51.34°N 32.06°E / 51.34; 32.06
Kart som viser Tsjernihiv oblast.
Kart som viser Tsjernihiv oblast.
Kart som viser Tsjernihiv oblast.
Wikimedia Commons: Chernihiv Oblast

Geografi

endre
 
Kart over Tsjernihiv oblast.

Provinsen har ei flatevidd på i kring 31 900 km². Han grensar i vest mot Kievdammen i elva Dnepr og mot Kyiv oblast, mot Sumy oblast i aust, og Poltava oblast i sør. Tsjernhiv oblast si nordgrense dannar Ukrainas statsgrense mot høvesvis Belarus (Homiel voblast) i nordvest og Russland (Brjansk oblast) i nordaust.

Tsjernhiv oblast vert av elva Desna delt i ein nordleg part og ein sørleg part. Desna renn ut i Dnepr straks nord for Kyiv sine bygrenser.

Demografi

endre

I 2006 var folketalet i Tsjernhiv oblast 1 156 609, i 2022 hadde folketalet minka til 959 315. Størstedelen av innbyggjarane er ukrainarar, mindre grupper av belarusarar og russarar er konsentrert om dei nordlegaste distrikta.

Folketalet i provinsen har vore fallande i lang tid, og fallet er kraftigare enn i nokon annan ukrainsk provins. I 1959 budde 1 554 000 menneske i provinsen. Ingen annan provins i Ukraina er så tynt folkesett.

Økonomi

endre

Tsjernihiv oblast sitt næringsliv dreiar seg mykje om utvinning av petroleum og naturgass, produksjon av maskinar, tilverking av tobakk og tekstilindustri. Ein stor tobakksfabrikk ligg i Pryluky. Byane Bakhmatsj og Nizjyn er viktige knutepunkt for jarnbaner frå Russland og Kviterussland til Søraust-Europa. I Tsjernhiv by ligg maskinverkstader og elektronikkindustri.

Rajon

endre

Rajonar (distrikt) i Tsjernihiv oblast:

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tsjernihiv oblast