Politikaren Mona Juul

dansk politikar

Mona Juul (fødd 20. september 1967) er ein dansk politikar. Ho er medlem av Folketinget for Østjyllands storkrins frå 2019 og leiar for folketingsgruppa til Det Konservative Folkeparti frå 2024.[1][2][3]

Politikaren Mona Juul

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 20. september 1967 (57 år)
Torsted, Aarhus
Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk dansk
Politisk parti Det Konservative Folkeparti
Nettstad https://monajuul.dk/
Politikaren Mona Juul på Commons

Juul er utdanna siviløkonom. Ho hadde ein lang karriere innan reklame og marknadsføring før ho gjekk inn i politikken.[1]

Juul har vore medlem av både styret og presidentskapen for World Wide Fund for Nature (WWF) i Danmark.[1]

Juul blei fødd i Aarhus og vaks opp i Horsens, der ho fortsatt bur.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mona Juul (KF)» (på dansk). Folketinget. Henta 5. mars 2024. 
  2. Larsen, August Ølsgaard (9. februar 2024). «Konservative har valgt ny gruppeformand: "Hun er nu klar favorit til at efterfølge Pape"» (på dansk). Altinget. Henta 5. mars 2024. 
  3. Bruhn, Malte (11. februar 2024). «Vælgerflugt skræmmer ikke Papes nye wingman: "Det er faktisk en sensation, at vi ikke er gået mere tilbage"» (på dansk). Altinget. Henta 5. mars 2024.