Den USA-amerikanske hæren

(Omdirigert frå Det amerikanske militæret)

Den USA-amerikanske hæren er ein profesjonell hær som har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar på land. Hæren har nytta vernepliktpersonell ved tre større konfliktar: Andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen.

United States Army, U.S. Army

Emblemet til den USA-amerikanske hæren
TypeHær
Skipa14. juni 1775/3. juni 1784
Stab546 047 aktivt personell
559 244 reserve- og nasjonalgardepersonell
1 105 301 til saman (2012)[1]
Medlemmer1 018 000
Motto«This We'll Defend»
Nettstadhttps://army.mil Sjå dette på Wikidata
Representantar frå hæren (med flagg og fanet til venstre) under ein seremoni under «Dagen for dei væpna styrkane» ved Pentagon 18. mai 2000.

Hæren kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775, då Den kontinentale hæren vart skipa av Dei tretten koloniane for å ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane. Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Den kontinentale hæren lagt ned, og Kongressen oppretta den nye nasjonale hæren 3. juni 1784.

I 2012 hadde hæren rundt 1,1 millionar medlemmer, 546 047 personar som aktivt personnel og 559 244 i reservestyrkane eller nasjonalgardepersonnel.[1]

Hæren vert styrt av det amerikanske hærdepartementet som ligg under Det USA-amerikanske forsvarsdepartementet. Den høgaste og sivile leiaren for hæren er hærministeren (Secretary of the Army, SECARMY eller SA), som sidan 2009 har vore John M. McHugh. Den høgast rangerte offiseren i departementet er hærstabssjefen (Chief of Staff of the Army), sidan 2011 Raymond T. Odierno, medan den høgaste rangerte offiseren i heile det amerikanske forsvaret er Chairman of the Joint Chiefs of Staff, sidan 2011 Martin Dempsey.

Inndelingar

endre

Den noverande inndelinga av hæren omfattar 10 aktiver divisjonar og fleire sjølvstendige einingar.

Engelsk namn Norsk namn Hovudkvarter
 
1st Armored Division
1. panserdivisjon Fort Bliss i Texas
 
1st Cavalry Division
1. kavaleridivisjon Fort Hood i Texas
 
1st Infantry Division
1. infanteridivisjon Fort Riley i Kansas
 
2nd Infantry Division
2. infanteridivisjon Camp Red Cloud i Sør-Korea
 
3rd Infantry Division
3. infanteridivisjon Fort Stewart i Georgia
 
4th Infantry Division
4. infanteridivisjon Fort Carson i Colorado.
 
10th Mountain Division
10. fjelldivisjon Fort Drum i New York
 
25th Infantry Division
25. infanteridivisjon Schofield Barracks på Hawaii
 
82nd Airborne Division
82. luftborne divisjon Fort Bragg i Nord-Carolina
 
101st Airborne Division
101. luftborne divisjon Fort Campbell i Kentucky
 
173rd Airborne Brigade Combat Team
Vicenza i Italia
 
2d Stryker Cavalry Regiment
Vilseck i Tyskland
 
3d Armored Cavalry Regiment
Fort Hood i Texas
 
11th Armored Cavalry Regiment
Fort Irwin i California

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  Denne militærartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.