Det egyptiske flagget
Det egyptiske flagget er ein horisontal trikolor med det egyptiske riksvåpenet sentrert på midtseksjonen. Flagget vart teke i bruk 4. oktober 1984.
Flagget har tre like breie, horisontale striper i raudt, kvitt og svart (rekna ovanfrå); det kvite feltet er pryda med riksvåpenet. Flagget vart opphavleg brukt av den arabiske frigjeringsrørsla i Egypt under kongedømet, vart offisielt teke i bruk i 1972 og fekk si noverande utforming i 1984.
I perioden 1958–72 (Den sameinte arabiske republikken) hadde flagget to grøne stjerner i staden for det egyptiske statsvåpenet i det kvite feltet; dette har sidan 1980 vore flagget til Syria. Det arabiske frigjeringsflagget har i tillegg danna basisen for flagga til Irak, Jemen og Sudan flagg, og det tidlegare flagget til Libya.
Tidlegare flagg
endre-
Underlagt Det osmanske riket
-
Britisk protektorat (1914-1922)
-
Kongedømet Egypts (1922-1952)
-
Den sameinte arabiske republikken (1958-1972)
-
(1972-1984)
Kjelder
endre- Denne artikkelen er omsett frå «Egypts flagg» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2009.