Det gabonske riksvåpenet

Det gabonske riksvåpenet blei utforma av den sveitsiske heraldikaren Louis Mühlemann, ein av grunnleggjarane av Fédération internationale des associations vexillologiques, FIAV, som også utforma det brazzavillekongolesiske riksvåpenet. Våpenet har vore i bruk sidan 15. juli 1963.[1]

Det gabonske riksvåpenet

Det omfattar eit okoumétre (Aucoumea klaineana) og tre gulldiskar som er symbol for rikdommane i skogane og mineralførekomstane i Gabon.[1] Skipet representerer framsteg.[1] Dei to panterane som held skjoldet er symbol for årvakenheit og mot hjå folket. Valspråketbanderolen øvst, UNITI PROGREDIEMUR, er på latin og tyder ‘Sameinte går me fram’. Under står det franske valspråket til landet, Union, Travail, Justice, som tyder 'Sameining, arbeid, rettferd’. Våpenet nyttar fargene grønt, gult og blått, som også blir nytta i det gabonske flagget.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Briggs, Geoffrey (1974). National Heraldry of the World. New York: Viking Press. ISBN 9780670504527.