Det gabonske flagget

Det gabonske flagget blei offisielt tatt i bruk 9. august 1960, ei veke før Gabon fekk sjølvstende.[1]

Det gabonske flagget
Storleiksforhold 3:4

Fargane i flagget har følgjande tyding:[2]

  • Grønt står for skogane i landet. Tømmer utgjer ein viktig del av økonomien.
  • Gult står for ekvator.
  • Blått symboliserer at landet er ein sjøfartsnasjon.

Dei same fargane går att i det gabonske riksvåpenet. Gabon er ein av dei få tidlegare franske koloniane som ikkje vald å nytta panafrikanske fargar i flagget då han fekk sjølvstende.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Encyclopædia Britannica - Flag of Gabon, besøkt 2. februar 2019.
  2. CIA - The World Factbook - Gabon Arkivert 10. desember 2008 på Wayback Machine., besøkt 2. februar 2019.