Det kiribatiske flagget

Det kiribatiske flagget er sett saman av ein raud øvre halvdel der ein fregattfugl flyg over ei stigande sol, begge i gull. Den nedre halvdelen har tre kvite og tre blå vassrette band i bølgjeform. Symbola blei utforma av Arthur Grimble i 1932 for den britiske kolonien Gilbert and Ellice Islands.

Det kiribatiske flagget

Dei tre bølgene står for dei tre øygruppene som utgjer staten Kiribati: Gilbert-, Line og Phoenixøyane. Dei sytten solstrålene står for dei 16 Gilbertøyane og Banaba.

Fregattfuglen (Fregata minor) heiter te eiteikiribatisk, den stigande sola heiter otintaai.