Det kvite huset i Moskva

Det kvite huset (russisk Белый дом, IPA ['bʲɛlɨj dom]) er ein regjeringsbygning i Moskva i Russland. Det huser den russiske regjeringa og er offisiell bustad for den russiske statsministeren. Bygningen blei tidlegare brukt av det øvste sovjetet og deretter av den russiske nasjonalforsamlinga, men valden kring den konstitusjonelle krisa i 1993 førte til at bygningen blei skadd og forlaten av parlamentet.

Det kvite huset i Moskva

Bygginga av Det kvite huset byrja i 1965 og det stod fullført i 1981. Arkitektane var Dmitrij Tsjetsjulin og P. Sjteller, som brukte Tsjetsjulin sitt utkast til Aeroflot-bygningen frå 1934 som utgangspunkt.[1]

Den konstitusjonelle krisa førte 3. oktober 1993 til at bygningen blei omleira og skoten på med artilleri, noko som førte til ein stor brann. Den russiske nasjonalforsamlinga fekk deretter namnet Statsdumaen og flytta til ein annan bygning i gata Okhotnyj Rjad.

Kjelder endre

  1. www.muar.ru± Tsjetsjulin sitt utkast, arkivert frå originalen 23. september 2007, henta 1. november 2014 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det kvite huset i Moskva
  Denne Russlandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.