Det marokkanske kvarteret

Det marokkanske kvarteret (arabisk حارة المغاربة, Harat al-Maghariba) var eit 800 år gammalt kvarter i den søraustlege delen av Gamlebyen i Jerusalem, som grensa til den vestlege muren til Tempelberget i aust (inkludert Vestmuren), murane til Gamlebyen i sør (inkludert Dungporten), det jødiske kvarteret i vest, og det muslimske kvarter i nord. Kvarteret hadde fleire skular og religiøse institusjonar. Det marokkanske kvarteret var det femte og minste av kvartera i Jerusalem, men vart kraftig rasert av dei israelske styresmaktene i 1967 for å gjere Vestmuren meir tilgjengeleg for folket.

Det marokkanske kvarteret, til venstre i bildet, mellom 1898 og 1946.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.