Vestmuren i Jerusalem er ein rest av støttemuren etter det jødiske Tempelet i Jerusalem. Ei anna nemning på muren er Klagemuren, men denne nemninga vert lite nytta av jødar. På hebraisk er nemninga a הכותל המערבי; HaKotel HaMa'aravi, på arabisk al-Buraq-muren. Muren var ein del av eit større byggverk bygd av Herodes og øydelagd av romarane i år 70. Muren er 48 meter lang og 18 meter høg.

Vestmuren

Stilromersk arkitektur
Kart
Vestmuren
31°46′37″N 35°14′03″E / 31.776947222222°N 35.23425°E / 31.776947222222; 35.23425

Muren og området framfor er sett av som ein ortodoks jødisk synagoge. Det går føre seg ulike gudstenester der i tillegg til at enkeltmenneske ber bøner. Ei utbreidd misforståing er at bønene er prega av sorg på grunn av øydelegginga av tempelet. Nemninga «Klagemuren» kjem av denne tradisjonen. Bønene kan til dømes omfatta ynskje om ei messiansk tid der det vert fred og tempelet vert bygd opp att.

Tempelplassen ovanom muren er den staden der tempelet stod frå Salomo si tid.

Vestmuren ligg i Aust-Jerusalem, som vart annektert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vestmuren
  Denne religionsartikkelen som har med jødedom å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.