Det meksikanske flagget

Det meksikanske flagget er eit vertikalt trefarga flagg med det meksikanske riksvåpenet i midtstripa. Dei tre fargane er raudt, kvitt og grønt og har hatt fleire ulike tolkingar. Dei blei tekne i bruk då Mexico fekk sjølvstende i 1821 etter ein tiårig krig mot kolonimakta Spania. Flagget med den utforminga det har i dag blei offisielt teke i bruk i 1968.

Det meksikanske flagget

Symbolikk endre

Dei tre fargane hadde opphavleg tydinga sjølvstende (grønt), religion (kvitt), det vil seia katolisisme, og union (raudt) mellom europearar og amerikanarar.

Med sekulariseringa av landet, leia av president Benito Juárez, blei fargane tillagde ny symbolikk: Håp (grønt), samhald (kvitt), og helteblod (raudt).

Andre har gjeve fargane andre tydingar.

  Denne Mexicoartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.