Det nye testamentet
Det nye testamentet, ofte forkorta til NT, er ein del av den kristne Bibelen. Det inneheld 4 evangelium, Apostelgjerningane, 13 brev tillagt Paulus, Hebrearbrevet, 8 andre brev og Johannes' openberring. Dei 27 skriftene handlar om Jesus og om dei første kristne. Tekstane er opphavleg skrivne på gresk.[1] Uttrykket «Det nye testamentet» tyder eigentleg 'den nye pakta' som dei kristne meinte dei hadde med Gud. Nemninga kom i bruk rundt år 200.[2]
Tekstene i NT vart truleg skrivne frå om lag år 50 etter Kristus, og fram til om lag år 100 (openberringa).[1] Andre tekstar som gjerne vart skrivne etter år 100 vert ikkje rekna som kanoniske av alle kyrkjesamfunn, men kan omtalast som gnostiske, apokryfe[3] eller pseudepigrafiske.
Det nye testamentet vart redigert og gjort ferdig mot slutten av 300-talet etter ei lang utveljingsprosess og harde drøftingar. Hovudæra for dette arbeidet vert gjeven Hieronymus, som gav NT den forma det har hatt sidan. Hans utgåve var einerådande i vestkirka fram til 1511, då grunnteksta vart omsett på nytt frå gresk av Erasmus frå Rotterdam. Inndelinga i vers blei innført i testamentet trykt av Robert Estienne i 1551.[1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Bibelen» (20. november 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.
- ↑ Seim, Turid Karlsen. «Det Nye Testamente» (9. august 2012), Store norske leksikon.
- ↑ Barstad, Hans M. https://snl.no/apokryfer «Apokryfer»] (19. september 2014), Store norske leksikon
Bakgrunnsstoff
endre- Nettbibelen ved bibel.no
- Bibelen ved Wikikilden (norske Wikisource)