Det orknøyske flagget
Det orknøyske flagget vart det offisielle flagget til Orknøyene etter at det vann den offentlege flaggrøystinga i februar og mars 2007.[1][2]
Det orknøyske flagget fylgjer formatet til det norske flagget, men der kvitfargen er erstatta med gul. Letene i det orknøyske flagget er henta frå det skotske og norske flagg og våpen. Raud og gul er frå den skotske og norske kongelege løva. Flagget symboliserer øya sin skotske og norske kulturarv. Blått er henta frå det skotske flagget, og representerer havet og den maritime kulturarven til øyene.
Soge
endreVal av flagg i 2007
endreVed flaggrøystinga vart orknøyingar bedne om å røysta fram det beste designet frå ei liste med fem forslag,[3] som alle hadde vorte godkjente av Lord Lyon.[4] Det kosne flagget var det Duncan Tullock frå Birsay som hadde laga, forslaget hans fekk 53 % av dei 200 røystene.
Finalistane i 2007[5]
-
Forslag 1
-
Forslag 2 (vinnaren)
-
Forslag 3
-
Forslag 4
-
Forslag 5
Det tidlegare flagget
endreDet gamle flagget til Orknøyene vart vedteke i 1995. I 2001 vart Orkney-flagget, det tradisjonelle flagget til St. Magnus, avvist til offisiell anerkjenning av Lord Lyon, den heraldiske autoriteten i Skotland, på grunn av likskapen til andre nasjonale flagg;[4] og dessutan flagget til Kalmarunionen.
Kjelder
endre- ↑ Flag design approved by Lord Lyon Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine., The Orcadian, 25 June – 1 July 2007
- ↑ Orkney Islands Council
- ↑ Orkney Islands Council
- ↑ 4,0 4,1 «Postman designs new Orkney flag» (på engelsk). 10. april 2007.
- ↑ Orkney Community Flag ballot paper
- Denne artikkelen bygger på «Flag of Orkney» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2024.