Det skotske parlamentet

Det skotske parlamentet held til i hovudstaden Edinburgh. Parlamentet vart oppretta etter at den nye Skottlandlova vart vedteken av det britiske parlamentet i 1998. Dette vedtaket kom etter ei skotsk folkerøysting i 1997 der det vart fleirtal for å oppretta eit skotsk parlament med makt til å endra skattenivået. Det første skotske parlamentsvalet var i mai 1999. Parlamentet vel ein førsteminister som i sin tur peikar ut ministrar til å sitja i den skotske regjeringa (Scottish Government).

Det skotske parlamentet

Hovudinngangen til den karakteristiske skotske parlamentbygningen.
Foto: Matthew Ross
VirkefeltStorbritannia
Skipa12. mai 1999
HovudkontorSkottlands parlamentsbygning
JurisdiksjonSkottland
Nettsidehttps://www.parliament.scot/
Den skotske parlamentet, Holyrood.

Parlamentsbygningen endre

Den nye parlamentsbygningen vart teken i bruk i september 2004. Bygningen ligg i Holyrood-området i Edinburgh, og parlamentet vert ofte referert til som «Holyrood».

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det skotske parlamentet