Det skulle ha vært sommer nå

song frå 1975 med Ellen Nikolaysen
«Det skulle ha vært sommer nå»
Singel av Stein Ingebrigtsen og Ellen Nikolaysen
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1975
Låtskrivar(ar) Svein Hundsnes

«Det skulle ha vært sommer nå», òg kjend som «Touch My Life (With Summer)» er ein song frå 1975 framført av Stein Ingebrigtsen og Ellen Nikolaysen. Songen er skriven av Svein Hundsnes.[1]

Eurovision endre

Melodi Grand Prix 1975 endre

«Det skulle ha vært sommer nå» deltok i Melodi Grand Prix 1975, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm i Sverige. Songen vart framført på norsk av Stein Ingebrigtsen med eit lite orkester, og så på nytt av Ellen Nikolaysen med eit stort orkester. Bidraget vann med 39 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1975 endre

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1975 fekk «Det skulle ha vært sommer nå» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1974. Teksten vart skriven om, og songen fekk tittelen «Touch My Life (With Summer)». Ellen Nikolaysen framførte songen på engelsk, og enda på 18. plass med elleve poeng; sju frå Italia og to frå Nederland og Monaco. Carsten Klouman var dirigent.

Fotnotar endre

  1. «MGP 1975» (på norsk). OGAE Norge. Henta 27. juli 2014. 
  2. «Norway 1975» (på engelsk). esc-history.com. Henta 27. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1975» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 27. juli 2014.