Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1975

15. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1975 var den 16. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK plukka ut fem finalistar ut frå 120 innsendte bidrag til finalen 25. januar 1975. Vinnarlåten blei «Det skulle ha vært sommer nå», skriven av Svein Hundsnes. Vinnarlåten blei sunge av Stein Ingebrigtsen med lite orkester og Ellen Nikolaysen med stort orkester. Nikolaysen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Stockholm, der ho framførte låten på engelsk med tittelen «Touch My Life (with Summer)». Der enda songen på 18. og nest siste plass med 11 poeng.

Melodi Grand Prix 1975
Dato
Finale 25. januar 1975
Vertskap
Finale Studio 1, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Bergljot Engeset
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Det skulle ha vært sommer nå»
Artist Stein Ingebrigtsen/Ellen Nikolaysen
Resultat i Eurovision Song Contest 1975
Finalepoeng 11
Finaleplass 18.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1974 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1976

SendingaEndra

Finalen blei nok ein gong sendt frå NRK Marienlyst, for første gong i fargar. Sendinga gjekk av stabelen laudag 25. januar med Bergljot Engeset som programleiar.

Til den opne tevlinga mottok NRK 120 låtar som oppfylte dei formelle krava, eitt bidrag mindre enn botnåret 1962. Ein jury på ti personar plukka ut fem av de innsendte låtane til finalen, og det var dei same ti personane som røysta under sendinga. Der valde dei «Det skulle ha vært sommer nå» til vinnar.

Kvart bidrag blei framført to gongar, først med eitt sett artistar akkompagnert av Terje Fjærns orkester. Deretter blei melodiane framførte om att med nye artistar, akkompagnert av eit forsterka kringkastingsorkester under leiing av Carsten Klouman.

Blant dei ti artistane var det stort sett tidlegare deltakarar, men Øystein Sunde, Maj Britt Andersen og Brit Elisabeth Haagensli deltok for første gong. Veteranduoen Paul Cappelen og Ivar Børsum stod bak to av dei fem finalemelodiane.

Programleiar Bergljot Engeset si innleiing var på mange måtar symptomatisk for NRKs innstilling til tevlinga på 1960- og 1970-talet: «Når det gjeld sjølve arrangementet Melodi Grand Prix, så kan ein vel ikkje seie det har skjedd særleg store forandringar i løpet av dei femten åra Noreg har deltatt. Og vi, ja, vi kjem vel også denne gong til å halde oss til det tradisjonelle mønsteret. Men vi har lyst til å minne om at det tross alt er melodien, teksten og musikken som er viktig i dette storstilte arrangementet. Og vi får håpe at dei som er med på å stemme, ikkje lar seg påverke for mykje av innpakkinga her i studio.»[1]

ResultatEndra

Nr. Tittel Artist, lite orkester Artist, stort orkester Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
A «En enkel sang» Øystein Sunde Benny Borg Johnny Sareussen og Frode Thingnæs 30 3
B «Det skulle ha vært sommer nå» Stein Ingebrigtsen Ellen Nikolaysen Svein Hundsnes 39 1
C «1 & 1 = 2» Maj Britt Andersen Anne-Karine Strøm Ivar Børsum og Paul Cappelen 23 4
D «Kjærlighetens under» Jahn Teigen Jan Høiland Arild Finsnes 32 2
E «Åh – du gjør meg så glad» Brit Elisabeth Haagensli Gro Anita Schønn Ivar Børsum og Paul Cappelen 16 5

AvstemmingEndra

Juryen sat i studio B og bestod av åtte menn og to kvinner – dei same som plukka ut dei fem finalebidraga. Kvar jurymedlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar melodi. Bidraga kunne dermed få frå 10 til 50 poeng.

Nr. Tittel Svein Erik Børja Helge Hurum Sigurd Jansen Karin Krog Egil Kapstad Robert Levin Gunnar Rugstad Terje Rypdal Synne Skouen Kåre Siem Totalt
A «En enkel sang» 2 3 3 4 3 3 4 2 2 4 30
B «Det skulle ha vært sommer nå» 5 4 5 3 4 4 3 5 2 4 39
C «1 & 1 = 2» 1 2 4 4 2 1 1 3 1 4 23
D «Kjærlighetens under» 1 3 2 3 5 5 5 2 3 3 32
E «Åh – du gjør meg så glad» 1 1 1 2 2 2 2 1 1 3 16

HendingarEndra

Vinnarmelodien blei framført av Ellen Nikolaysen i den internasjonale finalen. Songen blei framført på engelsk med tittelen «Touch My Life (with Summer)» i den internasjonale finalen i Stockholm.

Dette var første gong ein norsk Melodi Grand Prix-finale blei sendt i fargar. Stortinget opna for prøvesendingar i fargar allereie i 1972, men det var først frå 1975 at NRK starta med regulære sendingar i fargar.[2]

Også dette året blei tevlinga og melodiane møtt med skepsis blant fagfolk og presse. Jurymedlem Terje Rypdal gjekk ut i VG og slakta dei innsendte bidraga og etterlyste nytenking: «På meg kan det virke som om folk binder seg fullstendig når det blir snakk om Melodi Grand Prix. Da tenker man akkurat som man har gjort de siste årene. Nytekning virker nesten uhørt.» sa Rypdal.[3] Heller ikkje Aftenposten var særleg positiv etter finalen: «En norsk Grand Prix-melodi er like uforanderlig som sfinxen. De fleste av lørdagens finalemelodier kunne like gjerne deltatt i 50-årene.»[4]

Kona til Terje Rypdal, Inger Lise Rypdal, var først aktuell som ein av artistane. Men ho kunne ikkje stille, sidan ektemannen sat i juryen. «Men de melodiene Inger Lise falt for, nådde aldri til finalen. Dermed løste saken seg selv.» sa Terje Rypdal til VG.[5]

Det vekte òg merksemd at NRK valde ei kvinne som programleiar, mens ein mann oppdaterte poengtavla og delte ut blomstrar. Aftenposten omtala programleiar Bergljot Engeset som «søtt nervøs», og pressa meinte kjønnsrolle-bytet var gjort fordi det var FNs internasjonale kvinneår.[4][6]

Grand Prix-finalen gjekk i reprise på NRK2 12. mars 2014, som ein del av oppladinga til den internasjonale finalen dette året.

FotnotarEndra

  1. Bergljot Engeset (25. januar 1975). «Melodi Grand Prix 1975 – norsk finale». Norsk rikskringkasting.
  2. Jon Annar Fordal (22. april 2009 (oppdatert sist 7. desember 2015)). «Fjernsynets historie». Norsk rikskringkasting. Besøkt 25. juli 2016.
  3. Meiner, Knut (17. januar 1975). «Uten sjanser i Grand Prix i år også?». Verdens Gang. s. 33.
  4. 4,0 4,1 vito (signatur) (27. januar 1975). «Intet nytt i Grand Prix». Aftenposten. s. 44.
  5. Dalby, Åge (18. januar 1975). «Hvem skal synge finalemelodiene?». Verdens Gang. s. 49.
  6. Halnum, Bjørnar (28. januar 1975). «I fokus i dag: Bergljot». Verdens Gang. s. 6.