Det storpolske opprøret i 1806

Det storpolske opprøret i 1806 var eit militært opprør av polakkane i Stor-Polen mot styrkar frå Preussen som okkuperte området etter delingane av Polen (1772–1793).

Det storpolske opprøret i 1806
Del av Den fjerde koalisjonskrigen

Jan Henryk Dąbrowski rir inn i Poznań måla av Jan Gładysz
Dato November 1806
Stad Storpolen
Resultat Avgjerande fransk og polsk siger
Partar
Frankrike Det første franske riket
Polske opprørarar
Preussen 1803-1891 Kongedømet Preussen
Kommandantar
Frankrike Napoleon I
Jan Dąbrowski
Józef Poniatowski
Preussen 1803-1891 Fredrik Vilhelm III
Styrkar
Ukjend tal på franske soldatar, men om lag 23 000 polakkar Ukjend

Opprøret var organisert av general Jan Henryk Dąbrowski for å hjelpe dei framrykkande franske styrkane under Napoléon Bonaparte med å frigjere Polen frå prøyssarane. Det storpolske opprøret var den avgjerande faktoren som gjorde at Hertugdømet Warszawa vart oppretta same året og at Stor-Polen vart ein del av hertugdømet.

Opprøret var eit av dei to mest suksessrike opprøra i polsk historie i tillegg til det storpolske opprøret i 1918-1919.

Kjelde

endre
  Denne militærartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.