Det sunnmørske kakebordet
Det sunnmørske kakebordet er eit uttrykk som er brukt om den bognande kaffimaten i selskap på Sunnmøre.[1] I bryllaup, barnedåpar, konfirmasjonar, på syttandemai og i fødselsdagsselskap er det vanleg med kakebord der det er tjue kaker eller meir. Ein kan også ha kakebordet ved ulike tilstellingar, som sommarfest,[2] velkomst[3] eller boklansering.[4]
Dei vanlegaste kakene er kvæfjordkake, suksessterte, gelekake, marsipankake, ostekake, fromasjkake og kransekake. I gravferder er det meir vanleg med formkaker. Oreokake er ei kake som har vorte populær siste åra, medan blautkake har tapt populariteten sin. I tillegg til dei runde kakene høyrer det med lefser og dessertar. Av dessertane er karamellpudding mest populært.[treng kjelde]
Kjelder
endre- ↑ Helgesen, Line (27. august 2016), «Småskeis for sunnmørsk kakebord», smp.no, henta 19. mai 2019
- ↑ Spiro, Josefine (3. mai 2019), «Sommarfesten i Fosnavåg: Dette står på programmet», vestlandsnytt.no (på norsk bokmål), henta 19. mai 2019
- ↑ Myklebust, Marius (28. oktober 2015), «– Hjarteleg velkomne til Vartdal», www.morenytt.no, henta 19. mai 2019
- ↑ Feiring, Morten (26. april 2015), «Boklansering med sunnmørsk kakebord», vikebladet.no, henta 19. mai 2019
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstad om kvæfjordkaka
- Damer som tar kaka ved vl.no (krev abonnement)