Det ukrainske flagget

Det ukrainske flagget blei tatt i bruk som nasjonalflagg for Ukraina i 1918. Det består av to like store horisontale band der det øvete er blått og det nedste er gult. Desse fargane har historisk vore brukt til å symbolisera rutenske område.[1]

Storleikssforhold: 2:3

Flagget med to striper der gult var øvst og blått var nedst blei teke i bruk av revolusjonære i 1848 som ønskte å lausriva vestdelen av landet frå Austerrike-Ungarn. Då Ukraina erklærte sjølvstende i 1918 blei flagget teke i bruk som nasjonalflagg med fargane bytta om for å symbolisera blå himmel over gule kornåkrar.[2]

23. august er blitt feira som dagen for det ukrainske nasjonalflagget sidan 2004.[3]

KjelderEndra

  1. «Ukrainas flagg og våpen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 9. juli 2021. 
  2. «flag of Ukraine | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 3. april 2022 
  3. «Ceremony of hoisting Ukraine's national flag held at presidential administration - Aug. 23, 2011». KyivPost. 23. august 2011. Henta 2. mars 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Det ukrainske flagget