Vestromarriket
(Omdirigert frå Det vestromerske riket)
Vestromarriket var den vestlege delen av Romarriket etter splittinga i år 395.[1] Romarriket vart delt i ein austleg og ein vestleg del etter at Theodosius den store døydde den 17. januar 395. Vestromarriket hadde Roma som hovudstad, medan Austromarriket vart styrt frå Konstantinopel (Bysants). Grensa mellom det austlege og det vestlege riket gjekk om lag ved Serbia. Det vestlege riket vart prega av nedgangstider og folkevandringar. Til slutt braut riket saman i år 476. Keisar Romulus Augustulus vart avsett av herulen Odovakar den 4. september 476.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Vestromerske rike». Store norske leksikon. 3. oktober 2016. Henta 6. august 2018.