Diadem er utsmykka hovudplagg som har form som ringar eller kransar som blir sett på hovudet. Diadem har tidlegare vore brukte av visse embetspersoner. No for tida vert brukt dei mest av kvinner ved spesielle høve, og har ofte form som ein halvsirkel som er open bak på hovudet. Ei krone kan sjåast som ei vidareutvikling av eit diadem.

Gresk gulldiadem, truleg laga i Alexandria i Egypt, samla i ein Herakles-knute. Tilhøyrde ei adelskvinne frå det ptolemaiske dynastiet (220–100 f.Kr.).
Diodotus av Baktria med diadema, eit kvitt band som var det hellenistiske symbolet på kongemakt.

Ordet «diadem» kjem frå gresk diádēma (διάδημα), 'panneband' eller 'kongekrone'.[1][2] Dette er avleidd frå diadéō (διαδέω), 'eg bind rundt' eller 'eg festar'.[3] Omgrepet viste opphavleg til broderte kvite silkeband som enda i ein knute og to endar med duskar som ein ofte draperte over skuldrene som kongar hadda om hovudet for å markera autoriteten hans. Slike band blei også brukte til å krona atletar som vann viktige idrettstilstellingar i antikken. Seinare blei det brukt om eit band eller ei krone av metall. Nokre av dei eldste døma på denne typen krone finn ein i Det gamle Egypt, både den enkle tøytypen og den seinare metalltypen, og i egeisk kultur.[4] Statuen av «Prestekongen» frå Induskulturen (ca. 3300–ca. 1300 f.Kr.) har eit band om hovudet som kanskje er eit diadem [5][6]

Ein kunne også bruka ordet «diadem» om alle typar kongelege eller keisarlege statussymbol. Hovudregalia til romerske keisarar blei frå Diokletian si tid av omtalte som diadem i samtidige kjelder. Det var dette vørdnadsteiknet generale for Foederati, Odoacer, førte tilbake til Zeno (keisaren av Austromarriket) etter at han hadde kasta tronkrevjaren Romulus Augustus frå Roma i 476.

Eit diadem kan også vera eit halvkroneforma smykke pynta med edelsteinar og brukt over panna, typisk av kvinner. I denne forma kan det vera det same som ein tiara.

GalleriEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «diadem» i Nynorskordboka.
  2. διάδημα, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus Digital Library
  3. διαδέω, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, Perseus Digital Library
  4. Revello, Manuela, “The first aegean jewellery (4500-1800 B.C.): a new attempt at gold and silver diadems classification”, i Archaeometallurgy in Europe, International Conference Proceedings, Milan 24-25–26 September 2003, II, 657- 664
  5. «"Priest King," Mohenjo-daro | Harappa», www.harappa.com, henta 15. juni 2021 
  6. «"Priest King" Forehead | Harappa», www.harappa.com, henta 15. juni 2021