Tiara (latin tiara frå gresk τιάρα) viser til ulike former for hovudpryd som er blitt brukte sidan oldtida. Opphavleg var tiara ein høg og spiss hovudpryd brukt av assyriske og persiske fyrstar. Han hadde kjegleform og var pynta med juvelar. Seinare blei ordet brukt om den kjegleforma hovudpryden brukt av paven med tre kroner over kvarandre, ein mitra eller triregnum. «Tiara» kan også brukast om høge hovudsmykke pynta med edelsteinar og hovudsakleg brukt av kvinner. Det har då same tyding som diadem.

Kong Shamshi-Adad av Assyria med tiara.
Pave Innocens III med pavetiara måla av Rafael i 1509.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Tiara