Krone til hovudet

Krone er ei særleg utsmykka form for hovudplagg. Ein forbind særleg kroner med kongelege og adelege personar, då som symbol på makt og vørdnad, men dei kan òg brukast av andre ved visse høve, til dømes som hovudpynt brukt av brurer ved bryllaup, av barn som har bursdag eller ved ulike symbolske kroningar. Kroner er kjende frå langt tilbake og varierer i utforming.

Keisarkrone frå Det heilage romerske riket av den tyske nasjonen

Kongekrone endre

 
Den «opne» krona til den danske monarken som er frå tida før innføringa av eineveldet, og før kongekrona med bøylar blei teken i bruk

Ei kongekrone er ei metallkrone som blir brukt av ein konge, og det finst tilsvarande, gjerne noko mindre kroner for dronningar som er gifte med kongar og for andre medlemmar av ein kongefamilie. Ei slik krone blir sett på hovudet til ein kongeleg person under ein kroningsseremoni. Ho kan òg stå framme ved ulike høve, til dømes ved ein signingsseremoni eller ved kongelege gravferder.

Kongekrona som høyrer til dei norske kronregalia stammar frå unionstida med Sverige, medan kongekrona som blei brukt i den seinare delen av dansketida er i København. Begge kronetypane har ein kronring av gull besett med juvelar, det er juvelbesette bøylar frå ringen opp og inn mot eit toppunkt og der er det eit lite rikseple med ein kross øvst. Inne i kronene er det ei hette eller ein pull av tøy som er purpurfarga, raud eller blå, og som òg kan ha ulike utsmykkingar. Ein annan type kroner er opne takkekroner. Den norske arvefyrstekrona har ei slik form.

Kongekroner i heraldikken endre

 
Kongekrone i stilisert form slik ein kan sjå henne i vanlege utformingar av det norske riksvåpenet.

Ei kongekrone kan òg framstillast som eit symbol i form av ein grafisk figur. Kongekrona som symbol kan brukast for å visa kongen som statsoverhovud, m.a. som kjenneteikn på trykksaker. Kongekrona markerer at det er ein konge eller nokon på hans vegner som opptrer.

Kongekroner i sterkt stilisert form er gjerne del av kongelege monogram, heraldiske kongevåpen og riksvåpen. I norsk kommunal heraldikk er kongar symboliserte i kroneformene frå mellomalderen, dvs. ein kronring med blad og/eller spissar som stikk opp, til dømes i våpena til tidlegare Vestfold fylke og til Hole kommune.

Kongekroner kan også brukast som dekorative element, såvel på stadar og stolar der kongar kan vera t.d. ved opninga av Stortinget, som i allegoriar, folkekunst og brukskunst.

Historie endre

Frå tidlege tider kjenner ein til kroner som såg ut som utsmykka diadem. Dei blei nokon gonger bore utanpå eit anna hovudplagg, til dømes ein turban. Dei var ofte av edelt metall og kunne ha innsett edelsteinar. Ein kjenner òg tidlege kronar som var utforma med spissar så dei skulle likna ein strålekrans, det ein kallar takkekroner.

 
Johannes Flintoe sin teikning av den nye norske arvefyrstekrona (kronprinskrona) frå 1846. Krona er ein del av dei norske riksregalia. Ho er ei open krone.

I Egypt bar faraoen eit særmerkt hovudplagg som likna på ein høg smalnande hatt. Kongane i det øvre Egypt hadde ei krone som var kvit og som blei kalla hedjet. Han såg ut som ein hatt med ein knopp på toppen, og den var truleg laga av lin. Kongane i det nedre Egypt bar ei krone som såg ut som eit raudt diadem med ein høg spiss bak, truleg av tre. Ho blei kalla deshret. Kongane som styrte over heile Egypt bar den såkala dobbeltkrona som såg ut som ei samansetjing av desse to; denne bestod av den raude krona utanpå den kvite. Framme på krona var det ei utsmykking av gull, gjerne i form av ein liten slange. Det finst òg avbilda variasjonar av denne hovudpryden, som kroner med høge fjører på. Kongen kunne òg bera eit utsmykka hovudklede. I krig bar han ein utsmykka hjelm.

Assyriske og babylonske kongar bar ein slags tiara. Dette hovudplagget likna ein fess, men var høgare. Det var laga av lin, eller moglegvis òg av tre eller eit metall. Krona kunne ha broderi eller andre ornament på seg, i nokre tilfelle små horn.

Keisarar i Romarriket bar vanlegvis ein krans av blad, i likskap med andre embetsmenn i riket. I seinare tider blei nokre av dei avbilda med takkekroner.

Frå mellomalderen har europeiske regentar brukt mange ulike slags kroner, som bøyelkroner og andre lukka kroner. Dei har bøylar eller ei flate som krummar seg og møtest på toppen, der det er ei form for utsmykking, vanlegvis ei kule med ein kross på.

Ulike andre typar er òg kjende. I det austlege Asia har regentar ofte bore kroner som er høge og spisse. Nokre stadar har regentar òg brukt ein heil hjelm som krone.

I den seinare tida har kongelege fleire stadar gått heilt bort i frå å bruka kroner og andre regaliar. Kong Haakon VII og dronning Maud var dei siste kongelege i Noreg som bar krone. Etter at kroninga blei avskaffa ved ei endring i grunnlova, har dei kongelege i Noreg ikkje bore kroner. Kong Olav V og Harald V har difor ikkje hatt på seg krone. Ein har liknande ordningar i fleire andre europeiske monarki. Nokre stadar bruker ein likeverl framleis dei kongelege regalia. Kongefamilien i Storbritannia høyrer til dei som framleis ber kroner ved visse høve.

Brurekrone endre

 
Ung brur i tradisjonell bunad og brurekrone frå Hardanger.

Brurekroner er kroner brukte av brura i eit bryllaup. Brurekrone var særs vanleg å bruka fleire stadar i tidlegare tider, men er i dag meir sjeldan. Fleire stadar i Noreg har ein gamle tradisjonar for brurekroner, og mange stader kan ein leiga brurekroner. Før i tida var det knytt særskilde skikkar til brura sin drakt. Brurekrone og fritt hår skulle vera teikn på jomfrudom, og det kunne vera straffbart om nokon som ikkje var jomfru brukte det. Brurekronene var ofte rikt utsmykka, og fleire motiv som går igjen er ein hane eller ei due. Begge delar skulle vera eit teikn på kyskleik.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Gustav Storm: Norges gamle vaaben, farver og flag, Christiania 1894
  • Chr. Brinchmann: Norske konge-sigiller og andre fyrste-sigiller fra middelalderen, Kristiania 1924
  • Hallvard Trætteberg: «Norges statssymboler inntil 1814», Historisk Tidsskrift, bind 29 hefte 8 og 9, Oslo 1933
  • Hallvard Trætteberg: «Norges krone og våpen», Festskrift til Francis Bull, Oslo 1937
  • Sigurd Grieg: «En brudekrone fra Stranda i Møre» i Kulturhistoriske streiftog, Oslo 1950, side 134-148 samt side 154 med en norsk og nordisk litteraturliste om brudekroner (med 11 henvisninger)
  • Herman L. Løvenskiold: Heraldisk nøkkel, Oslo 1978
  • Hans Cappelen og Knut Johannessen: Norske kommunevåpen, Oslo 1987 med senere tilleggshefte
  • Harald Nissen og Monica Aase: Segl i Universitetsbiblioteket i Trondheim, Trondheim 1990
  • Harald Nissen: «Det norske kongevåpenet», Heraldisk Tidsskrift bind 10 nr 91, København mars 2005
  • Hans Cappelen: «Norge i 1905: Gammelt riksvåpen og nytt kongevåpen», Heraldisk Tidsskrift, bind 10 nr 94, København oktober 2006

Utanlandske

  • Ottfried Neubecker: Heraldik. Kilder, brug, betydning, København 1979 (oversatt og bearbeidet for Skandinavia av Nils G. Bartholdy)
  • Carl-Alexander von Volborth: Heraldry – Customs, Rules and Styles, Dorset, England 1981
  • Erling Svane: Det danske Rigsvåben og Kongevåben, (Odense University Studies in History and Social Sciences 160), 1994