Diagonal
Ein diagonal er ei rett linje som går mellom to hjørne i ein geometrisk figur, som eit polyeder eller mangekant, utan å falle saman med sidekantane eller sideflatene. Eit diagonalplan er eit plan som går gjennom fleire av hjørna i eit polyeder.
Ordet «diagonal» stammer frå det greske διαγώνιος (diagonios, frå dia- («gjennom», «på tvers») og gonia («vinkel» i slekt med gony «kne»).
Adjektivet diagonal kan i vidare tyding bety «skråttløpande» eller «på skrå».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Diagonal» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2011.