Kyrkjeleg fellesråd

Kyrkjeleg fellesråd er eit organ for soknet i Den norske kyrkja. Det er eitt kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune, og dette fellesrådet er samansett av representantar for sokneråda i kommunen, ein representant for kommunestyret og ein prost eller ein annan prest oppnmend av biskopen.

Det er soknerådet som opptrer på vegner av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova. I kyrkjelova § 14 er det likevel slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver innanfor kommunen. Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
  • Arbeidsgjevaransvar
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta samarbeidet med kommunen.

Det inneber at fellesrådet har ansvaret for kyrkjene i kommunene, kyrkjegardane og for dei fleste tilsette i den lokale kyrkja. Prestane er eit unntak, dei er til vanleg statstilsette.

Kyrkjeleg fellesråd er til dagleg leia av ei kyrkjeverje.