Dick Halligan

amerikansk komponist

Richard Bernard «Dick» Halligan (fødd 29. august 1943) er ein amerikansk musikar og komponist, mest kjend som originalt medlem i jazzrockbandet Blood, Sweat & Tears.[1]

Dick Halligan
Fødd29. august 1943 (78 år)
FødestadTroy i New York
FødenamnRichard Bernard Halligan
OpphavUSA
AktivSidan 1968
SjangerRock, pop, jazz, kammermusikk
InstrumentPiano, orgel, trombone, fløyte
Tilknytte artistarBlood, Sweat & Tears
Verka somMusikar, låtskrivar

Halligan spelte trombone på debutalbumet til BS&T, Child Is Father to the Man, men då Al Kooper slutta i bandet etter det første albumet, byta Halligan til klaverinstrument og spelte òg noko fløyte. Han fekk Grammyprisen for beste instrumentalframføring for «Variations On A Theme By Erik Satie» frå albumet Blood, Sweat & Tears. Halligan arrangerte òg mange av hittane til bandet på denne tida, og skreiv fleire av songane deira, som «Redemption» og «Lisa Listen To Me.» Halligan slutta i BS&T i 1971 etter det fjerde albumet deira.

I 1970- og 1980-åra komponerte og arrangerte Halligan mykje filmmusikk, som Go Tell the Spartans (1978), Cheaper to Keep Her (1981), Fear City (1984) og Chuck Norris-filmane A Force of One (1979) og The Octagon (1980).[2]

Dottera hans, Shana Halligan, var vokalist i triphop-duoen Bitter:Sweet.[3]

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. Strong, Martin Charles; Peel, John (21. oktober 2004). The Great Rock Discography. Canongate U.S. s. 155–. ISBN 9781841956152. Henta 4. juni 2012. 
  2. The Woodstock Whisperer
  3. «Music Review: Bitter:sweet – The Mating Game». Blogcritics. 28. juli 2014. Henta 9. mai 2020. 

BakgrunnsstoffEndra