Diderik Iversen
Diderik Iversen, også Didrik Iversen Tønseth, (24. september 1818–12. januar 1893) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Røros.
Diderik Iversen | |||
| |||
Fødd | 24. september 1818 Røros | ||
---|---|---|---|
Død | 12. januar 1893 (74 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, lærar, bonde, predikant | ||
Medlem | Selskabet Bondevennerne | ||
Alle verv |
|
Iversen var son til ein gruvearbeidar på Røros. Han var omgangsskulehaldar på Røros 1835-42, deretter i 33 år lærar same staden. Han skaffa seg også eit småbruk, Flanderborg, til å skøyte på levemåten. Iversen var medlem av heradsstyret frå 1848 til -83, 29 av dei 36 åra var han ordførar i Røros. Elles var han forlikskommissær frå 1852 og formann i matrikkelkommisjonen. Valmann frå 1850 til han døydde.
Iversen representerte Søndre Trondhjems amt på Stortinget 1862-64 og 1868-85. På alle tingsamlingane var han medlem av vegkomiteen, med unnatak for omframstortinget 1864 då han var medlem av jarnbanekomiteen. Han var 1874-85 òg medlem av Lagtinget, dermed hadde han 1883-84 sete i riksretten mot Selmer-ministeriet. Samt medlem av valkomiteen 1880-85.
Han døydde på Røros i 1893.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Diderik Iversen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv