Die Schuldigkeit des ersten Gebots

Die Schuldigkeit des ersten Gebots («Forpliktinga av det første bodet»), K. 35, er eit kyrkjeleg syngespel (geistliches Singspiel) komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1767 då han var 11 år gammal. Det er den første operaen til Mozart, eller meir spesifikt, eit «heilag drama», som namnet indikerer. Librettoen er no tilskriven Ignaz Anton von Weiser, sjølv om Johann Adam Wieland eller Jakob Anton Marienus Wimmer vart foreslått tidlegare (på framsida står det berre «J.A.W.».)[1]

Die Schuldigkeit des ersten Gebots
K. 174
Syngespel av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1767
Urframføring12. mars 1767
Typisk lengd89:30
Satsar/akter9
Libretto avIgnaz Anton von Weiser

Berre den første delen av operaen vart komponert av Mozart; medan den andre og tredje delen er tilskriven høvesvis Michael Haydn og Anton Cajetan Adlgasser. Desse to delane har derimot ikkje overlevd.[2]

Den første delen av operaen vart første gong framført 12. mars 1767 i Riddarhallen på slottet til erkebiskopen i Salzburg. Del 2 vart framført 19. mars, og del 3 den 26. mars.[1]

Roller endre

Rolle Stemme Premierebesetning, 12. mars 1767
Gerechtigkeit, divine justice sopran Marie Anna Braunhofer
Christgeist, den kristne anda tenor Anton Franz Spitzeder
Barmherzigkeit, barmhjartigheit sopran Marie Magdalena Lipp
Ein lauer und hinnach eifriger Christ,
ein halvhjarta, men seinare nidkjær kristen
tenor Joseph Meissner
Weltgeist, verdslegheit sopran Marie Anna Fesemayer

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre