Opna hovudmenyen

Diego Guastavino

uruguayansk fotballspelar

Diego Nicolás Guastavino Bentancor (fødd 26. juli 1984) er ein uruguayansk fotballspelar. Guastavino er midtbanespelar/spiss, og har spelt for Lyn og Brann i den norske Tippeligaen. Han forlét Brann etter 2011-sesongen.

Diego Guastavino
Diego Guastavino 01.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Diego Nicolás Guastavino Bentancor
Fødd 26. juli 1984 (35 år)
Fødestad Montevideo
Høgd 168 cm
Posisjon Midtbane / angrep
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-2003
2004
2005-2006
2007
2007
2008-2009
2009-2011
2012
2012
2013
Uruguay Sud America
Uruguay Dep. Maldonado
Sveits Lugano
Uruguay River Plate
Uruguay Dep. Maldonado
Noreg Lyn
Noreg Brann
Uruguay Fénix
Mexico Querétaro
Flagget til Peru Universitario
 ? (10)
18 (1)
33 (2)
6 (0)
10 (3)
36 (11)
59 (18)[1]
? (??)
13 (1)
- (-)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

Han fekk debuten sin for Brann i kvartfinalen i NM-cup mot Odd Grenland 8. august 2009, i ein kamp Odd Grenland vann 5–1. Den første tippeligakampen hans for Brann kom heime på Brann Stadion 8 dagar seinare, da han spelte 85 minutt og scora Branns siste mål i 4–2-sigeren mot Strømsgodset.

Tidlegare har han spelt for Sud America, Deportivo Maldonado, Lugano og River Plate. Guastavino gjekk så til Lyn i mars 2008 på anbefaling av Lyn-venene Matias Almeyda og Terje Liverød, og sistnemnde er no agenten hans. 4. august 2009 vart det klart at Guastavino vart Brann-spelar, eit halvt år før kontrakten hans med Lyn gjekk ut. 29. august 2011 passerte han 50 ligakampar for Brann.

Han er rekna som ein spelar med eit særs godt teknisk repertoar, samt at han har særs gode avslutningar. Etter lenge å ha slitt med småskadar og manglende tillit, etablerte Guastavino seg i Lyns startellevar i vårsesongen 2009. Enkelte media har samanlikna han med tidlegare Stabæk-spelar Alanzinho.

FotnotarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra